Sport
Lærar, kva ligg eg på?
Det er vanskelegare å setje karakter på samarbeid og innsats.
Foto: Linsmaim / Wikimedia Commons
Å vere kroppsøvingslærar på vidaregåande er eigentleg ganske fint. Elevane kan ikkje komme opp i eksamen i faget, og kompetansemåla er sympatiske. Læraren skal vurdere slikt som innsats, øving og evna til å spele andre gode.
Det vil seie, kroppsøvingslæraren har det fint heilt til juni, når karakterane skal setjast. Då skal han vurdere kven som øver godt ut frå eigne føresetnader, kven som spelar andre gode på eit særs høgt nivå, og kven som planlegg friluftsaktivitetar på eit middels nivå. Samstundes ramlar det inn Teams-meldingar frå elevar: Blir det 6-ar i år? Eg treng 6 for å komme inn på vidare studium – kva må eg gjere?
Det er då KRØ-læraren byrjar å lengte tilbake til tida før L97, då det heitte gym og han kunne vurdere ein elev etter kor uthaldande han var på 3000-meteren, eller kor mange armhevingar han makta. Var læraren i tvil, kunne han berre setje opp ein ekstra Cooper-test på slutten av året. Her gjaldt å springe lengst mogleg på tolv minutt. Karakterane vart så sette ut frå Cooper-tabellen.
Det har vist seg at dei nye læreplanane har gjort det lettare å få gode karakterar i kroppsøving, men dei stiller altså høgare krav til læraren òg. Ei lukke er det då at utdanningsnivået hos den jamne kroppsøvingslæraren i dag høgare enn før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.