JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Eit livsviktig spørsmål for heile kystkulturen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3090
20231124
3090
20231124

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Fiske

Me hadde eit godt system med fritt fiske som regjeringa Gerhardsen, på grunn av manglande fagkompetanse, industrialiserte med gjeninnføring av trålfiske. Noko som etter kort tid bidrog til den økokatastrofen som ramma Barentshavet og Norskehavet på slutten av 1980-talet, med nedfisking av dei viktigaste fiskeslaga.

Den statlege utbygginga av trålarflåten blei eit talande eksempel på sjølvundergraving.

Bremsene måtte setjast på og fiskekvotar innførast. Trålarane fekk halda fram, mens masse sjarkfiskarar blei utestengde frå fiske.

Så drista ein utru trålreiar seg til å selja den store, verdfulle kvoten han hadde til låns av fellesskapets fiskeressursar. Dermed var noregshistorias desidert største langsame ran i gang. Alle veit jo at me har ikkje har lov å selja det me har lånt. Kjøp og sal av fiskekvotar har me ikkje bruk for. Det tenar berre kapitalkreftene.

Dette er den største katastrofen som nokosinne har ramma norske fiskeri. Deltakarloven er ettertrykkjeleg neglisjert. Dagens fiskeripolitikk kviler fylgjeleg på ei kriminell handling av dimensjonar. All kapitallaus ungdom er utestengd frå denne kvoteadelen, som dessutan har fått frie hender til å tilrana seg så mykje kvotar dei evnar. Så i dag disponerar trål, snurrevad og stor sjark minst halvparten av den norske torsken. Småsjarkane som er utanfor dette systemet, fiskar i dag på restane av ein samlekvote.

Forskarane bak FN-rapporten In Dead Water, som kom i 2008, fastslår at trålen er den verste fiskereiskapen som blir brukt. Dei tilrådde FNs generalforsamling å forby trålfiske i heile verda.

Trålarane går langt til havs og fangar halvvaksen fisk i oppvekstområdet til fisken.

Dei øydelegg korallreva, drep masse yngel og småfisk. Trålaren brukar dessutan fire til seks gonger så mykje diesel som det sjarken brukar per kilo fanga fisk.

Trålfiske blei gjeninnført fordi dei trudde trålarane ville vera meir stabile råstoffleverandørar til fiskeindustrien på land. Men i dag er dei tvert imot i hovudsak fritekne for leveranse i Noreg. Dei leverer fisken i frosen tilstand til tilverking i utlandet, og har faktisk ikkje bruk for kysten vår.

Det vil vera ein vinn–vinn-situasjon om me avviklar trålfiske og tilbakefører fiskeressursane til den kystnære sjarkflåten. Det vil kunna gi tusenvis av nye arbeidsplassar på kysten vår. Med eit meir miljøvennleg fiske ville me kunna ta på land fleire gonger meir fisk enn me gjer i dag, kanskje som estimert: seks gonger så mykje.

Me går garantert inn i ei framtid med stort behov for nye arbeidsplassar. Me har alle ein kropp som treng mat og mosjon. Ingen plass er det mogeleg å skapa så mange gode meiningsfulle arbeidsplassar som i småskaladrift i primærnæringane på sjø og land.

Om ikkje styresmaktene våre forstår dette og er villige til å ta styringa, vil heile kystkulturen vår om kort tid vera utradert. Kysten er busett på grunn av ressursane, og fisken er enno folkets eigedom.

Kor mange vil vel bu på ein kyst reinska for ressursar?

Knut Vadla er fiskarbonde, lærar og blåskjeldyrkar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis