Ordskifte
Ein 5000-meter frå framtida: 5.51,38
Me lærte på skulen at det var synd på Nederland. Landet er flatt, det har 33 gonger så mange innbyggjarar per kvadratkilometer som Noreg, og det er uråd å staka seg ut frå desse kvadratkilometrane til ein skog for å gå på ski.
Men dei greier seg fint på andre vis, vart me minte um, me som var på Thialf stadion 5.–8. mars i det skeisehistoriske året 2026. Alt går på skjener, isen er blank, folk er høgreiste og tolerante, me får bananar og eple gratis i vatningspausane, dei heiar på Sander Eitrem og Ragne Wiklund og ser på oss med noko eg tolkar som vyrdnad, når vi, med hjarta på rette staden, syng «Ja, vi elsker» to gonger på rad i B-dur. Berre tankane fór raskare enn Tjalve, som me veit.
Det er visstnok haugar av folk som kan ligatabellar og lagoppstillingar utanåt. Fire herlege døgn med likesinna på skeisetur peikar mot eit anna sjikt, nokre meir introverte nerdar, med eit breitt utsyn over alle sportslege tema, til frukost og kvelds på hotellet.
Her er hundre års kulturhistorie (kven var eigenleg fyrst under 39.0, Lepjosjkin, Muratov eller Börjes? og korleis greidde den demokratiske tribunefolkerepublikken å vinna over oppmannen og juryen på Bislett 3. januar 1969?), sosiologi (ulike skilnader å spora mellom norske, nederlandske, polske og italienske fans), psykologi (ja, X er verdsmeister på kvar trening, men hovudet låser seg i galne banar når det er meisterskap), idrettsfag (Y trenar gale, Z får ikkje pendelen til å svinga) og spådomskunst (Eitrem kjem til å «læppa» Stolz, stol på meg).
Me er òg kunstløpdommarar og gjev karakterar til stilikonet Sander, armane låste på ryggen, og til Ragne, som har byrja med nokre delikate tyrannosaurus rex-armrørsler i svingane. Og driv sjølvsagt med statistikk og tabellar og nasjonsrekordar i minst 400 meter-lange banar.
Å sjå på skeiser er som kjent også ei mental utfordring. Me skal ikkje berre gle oss over estetikk, over fart, over den som vinn. Me må ha tal- og poengkontroll undervegs: Poengsummar og differansar må reknast ut i sanntid – og sjekkast med dei andre rundt oss på tribunen.
Å sjå på skeiser er som kjent også ei mental utfordring.
Eg er sjølv professor i matematisk statistikk og kan tillata meg også litt idiosynkratiske prosjekt, der eg lèt mine såkalla kulturelle interesser koma inn på banane mine. Lesaren må gjerne finna Six-Minute Man Sander Eitrem 5:58.52 – First Man below the 6:00.00 Barrier og The Best Metal-Grabbing Games Ever: How a Tiny Nation Won the Most Medals (By Far) der ute på verdsveven. Her skal eg svara på spørsmålet som er på sin plass: Kva vert 5000-verdsrekorden um 20 år?
Datamaterialet mitt, henta frå eigne skuffer, er alle løp i verdshistoria under 6.10: dei 126 mellom 2005 og 2025 og den himmelske hærskaren av 47 nye slike løp denne olympiske sesongen.
Eg treng ein halvtime med krit og tavle for å forklara alle detaljane, komplett med greske bokstavar og matematiske utrekningar frå nærskylde umråde, men tre nykelmoment er desse:
(1) Det å modellera og analysera kva som skjer langt ute i halane av ei fordeling, er monaleg vanskelegare enn å halda seg til det normale, det som skjer på midten.
Dessutan må ein vera varsamare med alt som heiter hypotesar. Her skal me opp på hovudfagsnivå, og eg brukar variantar av Gumbel-fordelingar (han med Vier Jahre Lüge, 1919, og Vier Jahre Politischer Mord, 1922, før han vart ekstremmatematikar).
(2) Det er lettare å levera eit presist punktestimat for ein parameter inne i ein modell enn for eit utfall frå framtida, som alltid vil ha sin innebygde variasjon.
(3) Etter fagleg strev finn eg estimatet 5.51,38 for det ultimate løpet. Men her er det monaleg, og dessutan asymmetrisk, uvisse, som me ser av konfidenskurvene i figuren – den raude prikkete linja er frå den zweigske verda av i går, den svarte er frå den posteitremske. Det er innanfor det statistisk fullt mogelege at rekorden framleis heiter 5.58,52 til OL i Narvik 2042.