JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Maler både svart og i andre farger»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2962
20170825
2962
20170825

KRIMINALITET I
MÅLARBRANSJEN

Dette var ein humoristisk og morosam reklame for eit målarfirma på indre Nordmøre for mange år sidan. Det er derimot ikkje mykje morosamt å følgje utviklinga innan målarbransjen dei seinare åra, då særleg i Oslo-området. 18. august skreiv Dag og Tid om korleis kriminelle grupper har teke over mykje av målarbransjen i Noreg. Saka har vorte aktualisert med boka Svartmaling. Kriminelle bygger Norge av Einar Haakaas, der han peiker på at både politiet og regjeringa har svikta i kampen mot denne kriminaliteten.

Som tidlegare medeigar av eit målarfirma, er dette eit tema som både engasjerer og opprører meg. Eg har eit vidare perspektiv enn det reint politiske fordi bedrifta vår hadde dyktige målarar frå både Noreg og Polen tilsett og betalte desse både likt og rimeleg godt. Eg veit derfor litt om kva det krevst å drive etter reglane i denne bransjen. Eg blir derfor ikkje provosert berre over kriminaliteten og den svarte økonomien som Dag og Tid omtaler, men over kva dette fører til for alle dei målarbedriftene som faktisk prøver å drive både godt og lovlydig. Desse blir utkonkurrerte og utskvisa til fordel for useriøse bedrifter som utnyttar arbeidstakarar og held store pengar unna skattekassen. Og kva fører dette igjen til for rekrutteringa av norske ungdommar til målarbransjen? Uansett kor kjekt det er med effektiv og ofte også dyktig utanlandsk arbeidskraft, er det ein opplagt fordel om ein viss (helst stor) del av arbeidstakarane er norsktalande.

Det er ikkje overraskande at det fristar for kriminelle aktørar å setje i gang ulovleg verksemd når sjansen for å bli teken er så liten. Ein kan spørje seg kva som er årsaka til at arbeidsmarknadskriminalitet tilsynelatande ikkje blir gitt nødvendig prioritet i politiet. Ulike aktørar har meint at årsaka kan vera at tidkrevjande og kompliserte saker ikkje viser godt nok på resultatstatistikken til politiet. Oppfølgingsspørsmålet er då om kravet til målstyring i politiet har gått over styr. Kanskje prioriterer politiet å ta unna saker som gjer at dei sjølve kan stå fram som vellukka på desse statistikkane som justisministeren gjerne viser fram, sjølv om dei eigentleg burde ha prioritert annleis etter politifaglege vurderingar. Ei slik overdriven målstyring finn vi ikkje berre i politiet, men i store delar av det offentlege.

Senterpartiet ønskjer ei tillitsreform i forvaltninga, med meir tillitsbasert leiing. Kontroll- og rapporteringsrutinar må reduserast til eit minimum, slik at tilsette i offentleg sektor i størst mogleg grad kan prioritere kjerneoppgåvene sine. Eg trur at dette er eit steg i rett retning for å gjera politiet i stand til å prioritere arbeidet mot arbeidsmarknadskriminalitet, i tillegg til auka budsjett og målretta satsingar. Håpet får vera at det framover blir måla meir i «andre farger» enn i «svart».

Jenny Klinge er justispolitisk talskvinne for Senterpartiet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis