JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Velkomen til Klakegg-syssel

Needlepoint må vera det mest særmerkte bandet i Noreg for tida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1800
20210205
1800
20210205

Jazz/pop

Needle­point:

Walking up The Valley

Bjørn Klakegg, gitar, vokal, fiolin, fløyte og cello; David Wallumrød, tangentinstrument; Nikolai Hængsle, bass gitar (1 og 4) og vokal; Olaf Olsen, trommer.
BJK Music BJK CD 108

Kvar nye utgjeving med Needlepoint er ein uimotståeleg invitasjon til å bli med i eit musikalsk og tekstleg univers som er heilt unikt. Bjørn Klakegg er ein einstøing – i positiv forstand. Kalligrafien og teikningane til broren Rune er med på å forsterka kjensla av å gå inn i ei fantasiverd. Det er noko frigjerande utrendy med Needlepoint, men framifrå musisering går heldigvis ikkje av moten.

Surrealistisk vri 

Bjørn Klakegg er også på denne plata både komponist og tekstforfattar. Han har ein del sentrallyriske tema som han vender attende til. Natur og naturopplevingar er også noko som ligg Klakegg på hjartet. I mange tilfelle har han ein naivistisk og surrealistisk vri på det heile.

Musikalsk hentar han inspirasjon frå ulike uttrykk som var populært på 70-talet. Psykedelica, folkrock, Mahavishnu Orchestra og Cream er alle stikkord som kan vera med på å skildra musikken, men dette er sjølvsagt først og fremst Bjørn Klakeggs heilt særmerkte stil og sound.

Ofseleg groove 

Bandet, som har halde saman sidan 2014, er uvanleg godt samspelte. Wallumrød, Hængsle og Olsen groovar til tider ofseleg under den eteriske røysta til Klakegg. På både «I Offered You The Moon» og «Carry Me Away» kokar det skikkeleg, men groovar og soloar er strengt regulerte av gjennomtenkte arrangement.

Needlepoint har heilt sidan 2010 gjeve ut berre gode plater. Walking up The Valley er den beste så langt.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis