JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Slik det står
i minnet

Ingen andre høyrest ut som The War on Drugs.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Adam Granduciel er ein kompromisslaus perfeksjonist.

2904
20170825
2904
20170825

Rock

The War On Drugs:

A Deeper Understanding

Atlantic/Warner

«Thinking of a Place», nøkkellåten på den nye plata frå The War on Drugs, er ei oppvisning i kva det går an å få til innanfor rammene av ein enkelt song. Ikkje berre sirklar låtskrivar og komponist Adam Granduciel inn minnet om ein kveld han ikkje kjem til å gløyme – i ord og tone maktar han også å dele korleis dette minnet lever i han.

«Hald meg i handa», heiter det mot slutten av «Thinking of a Place». Invitasjonen har aldri vore ytra finare i ein låt. Over elleve minutt tek det å komme dit, men på A Deeper Understanding finst det ikkje hastverk, der får alt vare den tida det treng. Sju av dei ti songane varer i over seks minutt, og det er kanskje lenger i dag enn nokon gong før.

Perfeksjonist

Granduciel er ein kompromisslaus perfeksjonist, og han brukar ofte lang tid på å finne ut om ein komposisjon har funne den endelege destinasjonen. Låtane er små laboratorium der ytterkanten og periferien vert ein rik boltreplass. Detaljane i produksjonen er aldri tilfeldige, men tufta på medvitne, gjennomtenkte estetiske val.

Lost in the Dream (2014) var inspirasjonskjeldene tydelege og oppe i dagen, og det same er tilfellet for A Deeper Understanding. Særleg går tankane atter til Dylan og Springsteen, og då særleg 1980-talsestetikken til sistnemnde. Det er fleire enn meg som vil dra på smilebandet over klokkespelet på «Holding On» – det høyrest ut som om E Street-pianist Roy Bittan har vandra rett inn i studio. A Deeper Understanding er full av slike augneblunkar, ikkje minst i synthbruken.

Granduciel er skamlaus dylansk i fraseringa. Eg er ikkje sikker på kvifor, men eg synest det balanserer. For somme vil det vel verte i overkant, ikkje minst når det eteriske munnspelet til alt overmål dukkar opp. I utstrekking og innramming minner også «Thinking of a Place» om ein Dylan-komposisjon, og er heilt på høgd med det Nobel-vinnaren får til.

Alltid på leit

Likevel er det ingen andre på denne planeten som høyrest ut som The War on Drugs. Det er noko sjenerøst over Granduciels uttrykk. Dette er ikkje ein artist som held noko att. Når først gitarsoloen kjem, som i «Strangest Thing», er han eksplosiv, og vippar på eit vis heile songen av skaftet, det er som om han må hente seg inn igjen etterpå.

Mest markant er likevel ein slags glød som er der i alt Granduciel slepper frå seg for tida, og som her flyt over frå den eine songen til den neste. Han er viktig, for grubleri og mørke netter vert det mykje av i desse låtane. Albumtittelen, som er henta frå songen «Pain», kan høyrest pompøs ut, men dreier seg mest av alt om søket etter større sjølvforståing. For gründeren Granduciel er alltid på leit – etter meininga med det heile, og songen som kan fange leitinga.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis