JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Perfekt storm

Den nye plata frå Grizzly Bear er ei vidareutvikling av bandet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2874
20170818
2874
20170818

Rock

Grizzly Bear:

Painted
Ruins

Columbia/Sony

På «Mourning Sound», den andre songen på Painted Ruins, det nye albumet frå Grizzly Bear, viser bandet seg frå si mest tilgjengelege side. Det dreier seg om ei lita pop-perle, ført fram av ein drivande bassgitar, synthlydar som fell over melodien som regndropar, før ein elgitar slår ned i det heile som eit lyn – det heile dreg seg opp til ein perfekt storm.

Vitalt

Sjølv om eg hugsar godt at eg fekk Grizzly Bear på radaren då andrealbumet Yellow House (2006) kom ut, var det med Veckatimest (2009) at eg for alvor fekk auga opp for bandet. På denne plata, som fekk det gåtefulle namnet sitt frå ei øy på kysten av delstaten Massachusetts, utvikla bandet verkeleg sitt eige markante uttrykk, med gitaristane og vokalistane Daniel Rossen og Ed Droste i førande roller. Til debutalbumet hadde dei levert kvar sine songar. No skreiv dei saman.

Fem år har gått sidan Shields (2012), den fjerde plata frå Grizzly Bear. I mykje av denne tida har Rossen, Droste, Christopher Bear og Chris Taylor drive med andre prosjekt, og dei har vore spreidde på kvar sin kyst.

Godt då at Painted Ruins kjennest så vital, og ikkje verkar motivert av eit ytre press om å lage endå ei plate. Mykje har skjedd med bandmedlemmane sidan dei kom saman som universitetsstudentar i New York og vigde all si tid til Grizzly Bear: ekteskap, barn, skilsmisser. Livet har drege dei i ulike retningar.

Etter vel eit tiår kan ein viss panikk oppstå for eit band – ein kjenner seg som gårsdagens nytt, og lever ulike liv. I staden for å orientere seg mot ein ny identitet og ein ny estetikk, representerer dette nye albumet ei vidareutvikling av det vi kjenner som Grizzly Bear, snarare enn eit brot med det.

Vimsete

Sjølv om alle fire i bandet alltid har vore viktige for korleis komposisjonane vert til, er dette i endå sterkare grad tilfellet på Painted Ruins. Taylor prøver seg som hovudvokalist for første gong, på fine «Systole», og kjem godt frå det. Grizzly Bear komponerer sjeldan kollektivt, men parvis og kvar for seg, og det heile tek den tida det må ta. Eit tolmod og ei ro kviler over alle kreative val, og likevel sparkar dei hardare frå seg denne gongen enn nokon gong før: Trommene har ein definerande plass i songane, og ligg høgt i miksen.

Bandet er kjent for sine uvanlege akkordprogresjonar. Fleire av songane deira har nærast noko vimsete over seg, det er som om dei gradvis sirklar seg inn mot sin eigen kjerne. Til same tid fløymer dei over av flotte vokalharmoniar og gnistrande gitarar. For denne lyttaren er Painted Ruins fullt på nivå med Veckatimest. Plata stadfestar Grizzly Bears posisjon som eit av dei mest sentrale banda i sin generasjon innanfor indierocksjangeren.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis