JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Tyggegummi i popmaskineriet

Ein liten smule opprør internt i musikkindustrien.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1675
20180126
1675
20180126

Pop

Charli XCX:

Pop2

Asylum Records

Eg var ikkje nådig førre gong eg skreiv om Charli XCX. Då var det andrealbumet Sucker frå 2014 som fekk gjennomgå. Men sidan ho sjølv visstnok skjemmest over Sucker, og mang ein meldar kallar den nye musikken til den engelske artisten «progressiv» «meta-pop» og liknande, tenkte eg at det var på sin plass å høyre på den nye utgjevinga for å finne ut om noko har endra seg.

Det som møter ein ved første øyrekast, er ikkje den småpunkete popen frå Sucker. Dette liknar faktisk endå meir på typisk 2010-tals R&B-inspirert, hyperkommersiell pop, med overdriven bruk av autotune over hoppande og hikstande melodiske sprang. Men etter kvart legg ein merke til at produksjonen rett som det er, er ganske utspekulert, med subtile temposkift, simuleringar av sjokkerande smarttelefonvarsel og heller vanvittig stemmefiltrering som gir det heile eit nærast futuristisk preg – ein sjølvmedviten virtuositet som kan hende gjer at dette med rette kan kallast «progressiv metapop».

For Pop2 – som forvirrande nok kallast «mixtape» i stadet for album, for å omgå nokre hinder som har med platekontraktar å gjere – har eit islett av noko opprørsk ved seg. Men opprøret hender innanfor den kommersielle popen: «Mixtapen» skal vere gratis, men kostar likevel pengar på til dømes iTunes. Så det er knapt tale om meir effektivt opprør enn ei tyggegummiklyse i popmaskineriet. Kan hende er det auge- og øyreopnande for den rette målgruppa, men det finst uansett mykje musikk som er verd langt meir merksemd.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis