Scheen Jazzorkesters beste
Det er internasjonalt snitt over det Scheen-orkesteret presterer no om dagen.
Jazz
SCHEEN JAZZORKESTER & JON ØYSTEIN ROSLAND:
Tamanoar
André Kassen, sopransaks; Børge-Are Halvorsen, fløyter, altsaks; Jon Øystein Rosland, tenorsaks; Line Bjørnør Rosland, bassklarinett; Finn Arne Dahl Hanssen og Thomas Johansson, trompet; Benedikte Follegg Hol og Magne Rutle, trombone; Åsgeir Grong, basstrombone; Rune Klakegg, piano, synth og akkordeon; Jan Olav Renvåg, bass; Audun Kleive, trommer.
LOSEN RECORDS LOS 177–2
Skien er jazz-Mekka i Noreg no om dagen. Ikkje berre har dei meir enn dusinet fullt med profilerte jazzmusikarar som kjem frå byen, men til helga slår Bugge Wesseltoft like godt til med eigen jazzfestival i heimbyen. Sjølvsagt står Scheen Jazzorkester på programmet med musikken frå denne innspelinga. Fem utgjevingar på gode sju år har orkesteret på CV-en. Det står det respekt av.
Bandet tinga musikken av tenorsaksofonisten og komponisten Jon Øystein Rosland. Han har skrive eit suiteliknande verk i ti deler, der det ti minuttar lange tittelkuttet avsluttar det heile og er nærast ein suite i suiten. Musikken er groovy, men samstundes svært dynamisk. Rosland dyrkar også kontrasten som verkemiddel gjennom heile suiten. Innimellom er komposisjonane bygde opp som spørsmål og svar, andre gonger utviklar han ostinat lag på lag heile tida med ein velutvikla sans for klangfargane i orkesteret.
Rosland gjev bandmedlemmene høve til å utvikla solistiske idear, og fleire serverer lødige bidrag, men han held stramt innåt noko som gjev musikken eit heilskapleg preg. Ensemblet læt tett og fint, og spelegleda ligg tjukt utanpå, mellom anna i «Oppdium» der trompetaren Thomas Johansson verkeleg får utfalda seg.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.