Harmonisk heilskap
Lex er ein surrealistisk musikalsk fantasi om eit utopisk framtidsspråk.
Elektronika
Visible Cloaks:
Lex
RVNG Intl.
Visible Cloaks er ein duo frå Portland i Oregon i Sambandsstatane. Dei komponerer elektroniske lydlandskap som ligg ein stad i grenselandet mellom ambient (à la Brian Eno), eksperimentell samtids- og elektronisk musikk, new age og verdsmusikk.
Omsetjingsprogram
Lex er den tredje utgjevinga deira, og platetittelen spelar på ordet leksikon, som stammar frå det greske omgrepet for «å seie», legein. Musikken på plata er tufta på eksperimentering med eit omsetjingsprogram og inneheld mykje digitalt babbel på forskjellige språk og mål: Stundom læt det dansk, så søraustasiatisk, men med eitt kjem eit par stavingar med austnorsk tonefall, før ordlyden tar ein ekskursjon ut på den latinske språkgreina. Lydbiletet er likeins fasettert og samanblanda, men likevel av homogen og hypnotisk karakter. Opningssporet «Wheels», til dømes, startar med ein samtidsmusikkaktig kakofoni av syntetisk melodisk perkusjon som underbyggjer ymis skiftande språklyd, før det saumlaust sklir over i ein mjukt avslappande melodi.
Utopisk fantasi
Ein nærliggande musikalsk referanse er Paul DeMarinis’ Music As A Second Language, basert på liknande teknikkar for omsetjing av stemmer til elektronisk musikk. DeMarinis snakka om «the singing of a voice more ancient than language». Lex tar på si side form som ein utopisk fantasi om ein global framtidslandsby der alle språk har blitt til ein harmonisk heilskap.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Elektronika
Visible Cloaks:
Lex
RVNG Intl.
Visible Cloaks er ein duo frå Portland i Oregon i Sambandsstatane. Dei komponerer elektroniske lydlandskap som ligg ein stad i grenselandet mellom ambient (à la Brian Eno), eksperimentell samtids- og elektronisk musikk, new age og verdsmusikk.
Omsetjingsprogram
Lex er den tredje utgjevinga deira, og platetittelen spelar på ordet leksikon, som stammar frå det greske omgrepet for «å seie», legein. Musikken på plata er tufta på eksperimentering med eit omsetjingsprogram og inneheld mykje digitalt babbel på forskjellige språk og mål: Stundom læt det dansk, så søraustasiatisk, men med eitt kjem eit par stavingar med austnorsk tonefall, før ordlyden tar ein ekskursjon ut på den latinske språkgreina. Lydbiletet er likeins fasettert og samanblanda, men likevel av homogen og hypnotisk karakter. Opningssporet «Wheels», til dømes, startar med ein samtidsmusikkaktig kakofoni av syntetisk melodisk perkusjon som underbyggjer ymis skiftande språklyd, før det saumlaust sklir over i ein mjukt avslappande melodi.
Utopisk fantasi
Ein nærliggande musikalsk referanse er Paul DeMarinis’ Music As A Second Language, basert på liknande teknikkar for omsetjing av stemmer til elektronisk musikk. DeMarinis snakka om «the singing of a voice more ancient than language». Lex tar på si side form som ein utopisk fantasi om ein global framtidslandsby der alle språk har blitt til ein harmonisk heilskap.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.