Dyster gladmusikk
They Might Be Giants byd på oppstemde songar om nedstemd tematikk for den som likar gøy.
They Might Be Giants består hovudsakleg av John Flansburgh og John Linnell.
Foto: Ann Johansson / AP / NTB scanpix
Rock
They Might Be Giants:
I Like Fun
Idlewild Recordings
Det New York-baserte alternativrockebandet They Might Be Giants består hovudsakleg av John Flansburgh og John Linnell, som har halde den småpunkete, godlyndte og intelligente musikkproduksjonen sin gåande sidan 1982. I Like Fun er det tjuande albumet deira.
Variert
Stilistisk er I Like Fun variert, men samanhengande. Opningssporet «Let’s Get This Over With» leikar seg med gospel, eit par låtar kan minne om Beach Boys’ surfrock, «Mrs. Bluebeard» – som er basert på eit fransk folkeeventyr om konemord – vert drive fram eit revyaktig pianoakkompagnement, medan tittelsporet «I Like Fun» formidlar ei vag soge om apotekkøar og parkour over ein minimalistisk messing- og skarptrommemarsj og ei mellotronsampling av den silkemjuke stemma til Jack Bruce, bassisten i Cream.
Kommenterande
Absurde verseliner som ein kan lese mangt inn i, står i høgsetet her, til dømes denne frå tidsreisesporet «Push Back The Hands»: «You would give up your right arm to go back. To when you had a right arm.» Stundom skapar sidestillinga av lyrikk og musikk ein påtakeleg ambivalens. Ved sida av tittelsporet, der John Flansburgh proklamerer at han likar moro på dunkelt vis, er til dømes avslutningssporet «Last Wave» ein gladsong om å leve og døy redd og einsam. På forunderleg vis læt tekstane både som eit resultat av og ein kommentar til tida vi lever i, på det politiske og personlege planet likeins.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Rock
They Might Be Giants:
I Like Fun
Idlewild Recordings
Det New York-baserte alternativrockebandet They Might Be Giants består hovudsakleg av John Flansburgh og John Linnell, som har halde den småpunkete, godlyndte og intelligente musikkproduksjonen sin gåande sidan 1982. I Like Fun er det tjuande albumet deira.
Variert
Stilistisk er I Like Fun variert, men samanhengande. Opningssporet «Let’s Get This Over With» leikar seg med gospel, eit par låtar kan minne om Beach Boys’ surfrock, «Mrs. Bluebeard» – som er basert på eit fransk folkeeventyr om konemord – vert drive fram eit revyaktig pianoakkompagnement, medan tittelsporet «I Like Fun» formidlar ei vag soge om apotekkøar og parkour over ein minimalistisk messing- og skarptrommemarsj og ei mellotronsampling av den silkemjuke stemma til Jack Bruce, bassisten i Cream.
Kommenterande
Absurde verseliner som ein kan lese mangt inn i, står i høgsetet her, til dømes denne frå tidsreisesporet «Push Back The Hands»: «You would give up your right arm to go back. To when you had a right arm.» Stundom skapar sidestillinga av lyrikk og musikk ein påtakeleg ambivalens. Ved sida av tittelsporet, der John Flansburgh proklamerer at han likar moro på dunkelt vis, er til dømes avslutningssporet «Last Wave» ein gladsong om å leve og døy redd og einsam. På forunderleg vis læt tekstane både som eit resultat av og ein kommentar til tida vi lever i, på det politiske og personlege planet likeins.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.