JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Anne Hytta i tre versjonar

Spellemannvinnar Anne Hytta har spelt inn tre plater med ulike uttrykk det siste året.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3214
20180316
3214
20180316

Folkemusikk

Sogesong:

Så vide fara dei lindarord

Heilo

Slagr:

Dirr

Hubro

Anne
Hytta:

Strimur

ta:lik

Årets vinnar i klassen for folkemusikk under årets Spellemannpris, Anne Hytta, er ein musikar som utmerkar seg ved å kombinera strengt tradisjonsmedvit med ei open haldning til nyare uttrykk. Nett det er det mange som prøver å gjera, men få gjer det så gjennomført som Hytta. Det siste året har ho vore involvert i tre svært ulike produksjonar – på tre ulike plateselskap – som til saman viser korleis det går an spreia seg stilistisk utan å verta splitta.

Kommentator

Sogesong er ein duo der Hytta ikkje spelar hovudinstrumentet sitt, hardingfele, men derimot mellomalderinstrumentet fidla i samspel med kvedaren Øyonn Groven Myhren. Her tek Hytta rolla som diskret kommentator til songstemma som – til eige akkompagnement på lyre – framfører åtte (til dels lange) balladar. Her er det forteljinga som står i sentrum, musikken er rytmisk gjentakande og det er små, enkle melodiliner som slyngjer seg inn og ut rundt tekstlinene.

Tendensar til minimalisme finn ein òg i trioen Slagr, der hardingfela til Hytta kling saman med cellisten Katrine Schiøtt og Amund Sjølie Sveen på vibrafon og glas. Medan balladeprosjektet er prega av rytmisk framdrift, er Slagr eit ensemble som dyrkar klangflater, dronar og dei langsame rørslene. Denne reindyrkinga av det stillferdige i musikken har òg fått konsekvensar for nokre av konsertane til Slagr, der publikum får ligga, og eventuelt sova. All musikken er komponert av Hytta og medspelarane hennar, og bortsett frå hardingfeleklangen er det lite som får meg til å tenkja på folkemusikk her. Klangleg er det mykje som minner om dei meir stillferdige delane av samtidsmusikken og den elektronisk baserte ambient-musikken, sjølv om dette er ein gjennomført akustisk produksjon.

«Ein samtale med fela»

Den førre plata til Slagr vann Spellemannprisen i «open klasse» i 2015, og i år er Hytta atter vinnar, men denne gongen med soloplata Strimur. Og her reindyrkar ho musikken ho vaks opp med – slåttespelet frå Telemark – og som ho sidan fordjupa seg i under rettleiing av læremeistrane Einar Løndal og Knut Buen.

Plata er fint sett saman ut frå ein original idé om at slåttespel er «ein samtale med fela», som Hytta skriv i tekstheftet. (Som skribent vil mange dessutan kjenna henne som folkemusikk-kommentator i avisa Klassekampen.) Desse samtalane er bygde opp rundt det klanglege særpreget i fire ulike feler, og med slåttar som er nøye tilpassa stemninga i desse unike instrumenta. Slik sett er plata ein heilskapleg komposisjon meir enn tilfeldig avspeling av slåttane som tilfeldigvis var på repertoaret under innspelingsperioden.

Kva er det så som karakteriserer spelet til Hytta i desse tre ulike prosjekta? Det eg legg mest merke til, er at ho har slik tryggleik og ro i spelet. Det er aldri noko poserande ved det, ingen dramatiske utspel og det er teknisk kontrollert utan å vera brillierande. Og difor er det alltid gjevande å lyda til Hytta sitt spel.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikk-
vitar, musikar og fast plate-
meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis