JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Når det ikkje vil seg for svenskane

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Stefan Löfven (S) då han forlét Riksdagen etter omrøystinga måndag denne veka.

Foto: Anders Wiklund / TT / NTB

3281
20210625
3281
20210625

Ein skal ha respekt for heilt nye og uventa hendingar – som ei verkeleg svensk regjeringskrise. Da den svenske regjeringa fekk eit mistillitsvotum mot seg i Riksdagen og måtte ta avskil denne månaden, var det første gongen noko så drastisk hende i svensk parlamentarisk historie.

Denne helga får statsministeren til og med øydelagt midtsommarfeiringa – og i Sverige er det ei svært alvorleg sak. Han har frist til måndag 28. juni med å ha ei ny regjering klar. Det tok sosialdemokraten Stefan Löfven så mykje som fire månader etter det førre valet å få stabla på beina den regjeringa som no vart felt, så dette er noko heilt anna enn slikt småtteri som å få snikra saman eit nytt byråd i Oslo.

Som svenskane veit betre enn svært mange andre, kjem ei ulukke sjeldan åleine. Denne veka melde den svenske Justitieombudsmannen (JO) seg med ei skarp refsing av riksadvokaten, som har utpeika ein avdød mann som den skuldige i drapet på statsminister Olof Palme i 1986. I Sverige, som i andre demokratiske land, er det ikkje embetsverket, men domstolane som frikjenner eller domfeller, og dette måtte Justitieombudsmannen fortelja sjølvaste riksadvokaten i landet.

Saka vart no omsider lagd vekk, etter ei oppvisning som ikkje kan avskrivast som anna enn eit salig og uverdig rot gjennom ein heil menneskealder. Det gjer ikkje sakene betre at svenskane i lang tid hadde vore i overkant rause med å kritisera andre, ikkje minst den tyske forbundsrepublikken, for bruk av udemokratiske metodar i kampen mot terrorisme.

Den kritikken stilna ikkje før tyske terroristar ein dag kom seg inn på den tyske ambassaden i Stockholm og drap ein tysk diplomat der. Den hendinga gjorde det klårt at dei tyske terroristane, frå Baader-Meinhof-gruppa og nedover, hadde lite sans for dei fløyelshanskane som svenske massemedium hadde etterlyst som det beste, kanskje det einaste, verkemiddelet.

Det vart ikkje betre av at dei svenske dødstala under koronaepidemien heilt frå starten i mars 2020 var høgare og steig monaleg raskare enn i nabolanda, og at dei fleste signala frå Stockholm samstundes gjekk ut på at det var utenkjeleg at svenske styresmakter hadde gjort noko som kunne diskuterast, enn seia kritiserast. Utan at det hadde noko med helsevesen og sjukdom å gjera, fekk omverda i tillegg sjå ei langvarig praktoppvisninga frå den svenske nobelkomiteen, ei framsyning som August Strindberg i kompaniskap med Hasseåtage i toppform ikkje kunne ha gjort betre – eller verre, alt ettersom.

No ventar både vi og verda – og spesielt svenskane – på den nye regjeringa i Stockholm. Landet greier seg nok. Land plar gjera det; både Frankrike og Italia brukte å ha regjeringskriser minst ein gong i året gjennom fleire tiår. Men korkje vi eller grannane våre er vane med slikt frå eit land som har levd vel utan politiske kriser, og som har hatt «ordning och reda» som motto og ikkje som eit tomt slagord.

«Det ordnar seg», plar dei sindige folka i nabobyen Fredrikstad bruka som sitt valspråk. Men i Sverige er det ikkje slik lenger. Og kanskje er det eit nytt og mørkare slagord som viser seg i horisonten: «Ingenting är länger som förut, alla gamla sanningar är slut.»

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som svenskane veit betre enn svært mange andre, kjem ei ulukke sjeldan åleine.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis