JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Tale til kjære og (nokre) sære landsmenn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kong Harald held nyttårstalen 2017 på Slottet i Oslo

Foto: Berit Roald

3646
20180105
3646
20180105

Kong Harald heldt nyårstale for fem dagar sidan, og tru mot vanen og vanetenkinga passa avisene og NRK på å intervjua ein retorikar eller tre. Dei hadde oppdaga at han byrja med Åse-Marie Nesse, men det gjekk hus forbi at skarpare lut har ingen konge brukt i ein nyårstale. Det er godt gjort.

I haust skreiv eg føreordet til ei samling av dei viktigaste talane til kong Haakon 7., kong Olav 5. og kong Harald 5. – mellom dei alle nyårstalane sidan 1906, Kjære landsmenn!. Det var eit oppdrag eg tok på meg i gråbleik forventning om ein stor dose einsformig og klisjétung prosa, med veike voner om eitt og anna avtrykk av verds- og noregshistorie kvart tiande år eller så.

Det slo berre så måteleg til. Men poenget denne gongen var at kong Harald viste korleis ein monark som ikkje skal blanda seg i aktuelle saker, kan få sagt det så det susar utan å seia det.

Om retorikarane putta bomull i øyro og søkte ly under ein mellomtittel hos Olav Duun, «I blinda», har nok pampane i Norges idrettsforbund lese talen og skjøna meldinga. Ein monark kan ikkje bruka slike ord som Ingrid Kristiansen valde i Dag og Tid for ei veke sidan: «Dette er vener som har ein felles strategi for å mjølka kassa. Få ut heile gjengen. Røsk vondskapen opp med rota.»

Men kongen kan seia dette når han snakkar om viljen og den gode krafta, og det susar ikkje mindre på nynorsk: «I kvart vesle samfunn i Noreg er det folk som steiker vaflar og kokar kaffi, fotballtrenarar, besøksvener, viljuge hender og store hjarto som vi ikkje hadde greidd oss utan. Ei eldre dame frå Vegårshei som eg møtte, sa det slik: ‘Friviljug arbeid gir ei god kjensle – da er ikkje taksameteret på.’»

Kongen sa meir: «Kjernen i det friviljuge er nett at vi gjer noko fordi vi synest det er rett og viktig, ikkje for personleg økonomisk vinning. Med dugnadsande har vi gjennom generasjonar skapt det fundamentet vi saman står på i dag. Og styrken ligg nett i at vi har skapt det saman – med våre eigne hender, at vi har gitt av vår tid, delt av vår kunnskap og vårt engasjement.»

Og Ingrid Kristiansen? «Om nokre år kjem desse menneska til å dukka opp i First House som tilsette der. Dei kleiar ryggane til kvarandre så det held. Dei er råfrekke.»

Taksameteret er i alle fall på – First House har fakturert NIF for ti millionar kroner. Men da har dei sant nok skrive nokre e-brev til pressa, truleg medan toppsjefane i idrettsforbundet orienterte seg på vinkartet. Ein må jo vita kvar ein skal. Det gir sikkert ei like god kjensle som hos dama på Vegårshei når ho set kaffikjelen over.

I førre hundreåret la eg merke til at når sjefane i Aftenposten ikkje visste kvar dei skulle, tilkalla dei konsulentar. Dei tilkalla hadde korkje peiling på eller interesse for korleis og kvifor ei avis vart laga. Men dei fakturerte med gaffel. Det same gjorde sjukehusvesenet i Oslo under eit par omorganiseringar. Det kosta 16 millionar 1980-talskroner, og konsulentsuksessen var av dei store: Direktøren for firmaet gifte seg med sjefen for eit av dei omorganiserte sjukehusa, og det lykkelege nye paret flytta til Stockholm. Kvar tilsett fekk ei T-skjorte av mellomkvalitet, og på brystet stod det «Pasienten først».

Eg kjende Åse-Marie Nesse, og eg trur ho ville ha gitt oss eit dikt eller to om dette. Kong Harald veit altså eitt og anna om det ho har skrive, men pensum i First House eller i Norges idrettsforbund på Ullevaal vert ho nok ikkje.

Det er da heller ikkje bra for rytmen i poesien at taksameteret går for full guffe. For det må jo det. Godt år!

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Taksameteret er i alle fall på – First
House har fakturert NIF for ti millionar kroner.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis