JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Om å halda seg vekk frå førstesidene

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jimmy Carter saman med Noregs statsminister Odvar Nordli då dei møttest i Washington i juni 1979.

Foto: Ivar Aaserud / NTB scanpix

3636
20180112
3636
20180112

Statsminister Odvar Nordli døydde som 90-åring den veka Erna Solberg var gjest hos den amerikanske presidenten i Washington. Sjølv var han – så vidt – invitert til president Jimmy Carter om lag 40 år tidlegare, og det var ikkje så høg stemning mellom dei norske diplomatane da staben i Det kvite huset kunngjorde at den norske regjeringssjefen hadde fått fem minutt på dagsprogrammet til presidenten.

Litt meir vart det no, men visepresident Walter Mondale fortalde mange år seinare at han streva hardt og stort sett til fånyttes for å få Carter til å interessera seg berre litt meir for Noreg.

– Augo hans vart glasaktige kvar gong eg nemnde Norden for han, sa Mondale.

Amerikanarane har eit uttrykk for det: MEGO – my eyes glaze over. Det er eit signal om at det kan vera ein tanke å skifta emne.

Men fem eller ti minutt: Odvar Nordli gjorde det slett ikkje dårleg som gjest i Washington. Han snakka ikkje briljant engelsk, men han stakk seg ut ved at han ordla seg både konsist og presist. I den konstante ordflaumen som plagar den hovudstaden dag ut og natt inn, legg folk merke til slikt. Så får det heller vera at folk frå Stange ikkje brautar seg med å utropa seg til «svært stabile geni».

Nordli fekk ei plattform litt lenger borte i hovudgata, Pennsylvania Avenue. For han fekk vera æresgjest og talar i Den nasjonale presseklubben to kvartal frå Det kvite huset, og der har dei fleste litt betre tid. At han hadde gjort heimeleksene, viste han da han vart spurd om det ikkje var litt stussleg å styra eit land som var så lite at det knapt nok vart lagt merke til, og i alle fall ikkje var å sjå på førstesidene i dei store verdsavisene. Altså dei amerikanske presseorgana, forstår seg.

– Det går an å sjå annleis på dette, sa Nordli. – Etter 1939 har det hendt tre gonger at Noreg har vore på førstesida i New York Times sju dagar i trekk. Først gongen var i april 1940. Andre gongen var i mai 1960, da Sovjet truga oss med rakettar etter at det amerikanske U2-flyet vart skote ned over Ural på veg til Bodø. Tredje gongen var Bravo-utblåsinga på Ekofisk-feltet i 1977. Dersom det er slike ting som skal til for at det vert rydda plass for oss på amerikanske førstesider, trivst vi svært godt på innsida, vi, sa den norske statsministeren.

Seinare og ferskare hendingar har vel understreka at mange norske politikarar har grunn til å tenkja i liknande banar.

Så vart det altså ikkje to timar i Det kvite huset på Odvar Nordli. Han «kvitterte» med å reisa heim litt for tidleg; det var ei lita krise på Stortinget som kravde litt politisk reparasjonsarbeid. Men da hadde han vist ei anna side som imponerte dei få som såg det: Da han skulle innom den norske sjømannskyrkja, som enno var i Brooklyn, stod eit dusin demonstrantar på den andre sida av gata med to protestplakatar mot norsk kvalfangst. Nordli, som hadde ei amerikansk tryggingsvakt med seg, strena bort til dei for å handhelsa. Vakta vart uroleg, men dei såg like fredelege ut som dei i røynda var, og det vart ein triveleg passiar.

Vaktmannen tok det med ro. Ti år tidlegare hadde han vore i livvaktstyrken til president Lyndon Johnson. Det var Vietnam-krig, og militærleirar var dei einaste stadene der presidenten kunne tala til «folket».

Karen frå Secret Service var i god fysisk form framleis, som folk i den bransjen bør vera, men litt grå i håret etter kvart. Og han vedgjekk at tempo og trugsmål med Stange-preg høvde betre enn 1960-åra og Texas-ståk.

Heller ikkje han lengta etter førstesidene lenger.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Så får det heller vera at folk frå Stange ikkje brautar seg med å utropa seg til «svært stabile geni».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis