JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Når det bør eller må ryddast

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
J.J. Grandville: Frå «Reisa til æva», 1830.

3645
20180119
3645
20180119

I førre hundreåret vart det aldri mykje kraft over oppmodingane mine dei få gongane eg prøvde å få tenåringane våre til å rydda på rommet sitt. Dei hadde augo å sjå med, og dei såg at fars arbeidsplass, på kontoret som heime, var ein mellomting mellom eit rotebord og eit rotebol, og tidleg skjøna dei at det aldri kom til å verta annleis.

Så kvifor skulle det gjelda andre reglar for dei? Far, som har levd av å setja saman ord til meiningsberande og overtydande setningar, meir eller mindre, hadde aldri noko godt svar på det spørsmålet.

Eg fann seinare ut – ein uvane er lettare å forsvara når han kan få eit ankerfeste i vitskap – at psykiatrien har eit ord for det: kastevegring. Det gjer fysisk vondt om ein skal kvitta seg med noko. Avisbunkane? Nå ja. Når dei vert for høge til at tyngdekrafta kan halda dei i ro, lyt ein ta frå toppen. Eller botnen.

Men så var det bøkene. Det gjer verkeleg vondt å kasta bøker, og eg trur ikkje eingong Paralgin Forte ville døyva pina.

Når nauda er størst, har broderfolket i aust meldt seg som hjelpar. Svenskane har eit omgrep for det som no skal til, og det er alt eksportert til amerikansk engelsk og nederlandsk. Klangen er brutal, men oppfinnaren, Margareta Magnusson, seier det er eit vakkert ord og dessutan godt meint: döstädning. Ho har skrive ei bok om det, og ho seier at folk ved 50 års alder bør byrja å kvitta seg med ting dei ikkje kjem til å bruka meir. Klesskåpet er ein god startstad. Der heng det mykje som har krympa forbløffande sidan sist det vart brukt. Og kvifor skal dei som lever etter oss, irritera seg i månadsvis over alt dei må kasta?

Poenget med döstädning, jamvel om ordet er både starten og det filosofiske hovudinnhaldet, er ikkje å bu seg meir handfast og med samanbitne tenner på den utgangen vi alle har i vente, men som få av oss vert oppstemde av. Det er å varma seg ved minnet om ting som du har vore glad i, ting du no held i handa for siste gong, og atter seia til deg sjølv det du veit: «Det var ei fin oppleving. Men det er ei tid for alt, og denne tingen og bruksmåten høyrer historia til. Minnet vil eg ha også om tingen vert gitt bort – eller kasta. Og minne er det alltid plass til.»

Eg har ei von om at Margareta Magnusson vil hjelpa meg, med bokhylla til og med. For dei 15 Stalin-biografiane eg har, tre på engelsk og resten på russisk, kjem eg ikkje til å finlesa enda ein gong, og det har eg visst ei stund. Somme av dei er verdfulle, ikkje som antikvariske bøker, men som særtilfelle: For ti år sidan kom det eit sant takras med slike verk, glorete, på dårleg papir og med så elendig språk at det gir ei slags pervers nyting å lesa dei, og det er like mykje sanning i dei som i ein tale av Donald Trump. Dei fleste av dei var tydeleg nok del av ein kampanje for å få Stalin fullt ut rehabilitert i 2010, til feiringa av 65-årsdagen for sigeren over Hitler. (Putin sette foten ned – det skal han ha.) Eg stod ein dag i ein bokhandel i St. Petersburg med 27 av desse bøkene, da det slo meg at lyset i livet mitt ikkje ville verta overstrøymande glad for å sjå meg på dørstokken med slik bagasje. Så eg kjøpte berre sju, trur eg det var, og greidde å smugla dei inn i heimen.

Åtte bøker om Vladimir Putin, halvparten på ikkje-slaviske språk? Eit par–tre har eg meldt, somme av dei er gode, men eg veit godt at eg ikkje kjem til å lesa dei éin gong til, kva som enn hender med Russland, Putin eller for den del meg.

Så eg samlar meg til handling (ikkje handel!). Eg kjenner at i tanken går dette rette vegen. No gjeld det berre å gripa fatt.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er like mykje sanning i dei som i ein tale av Donald Trump.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis