Flagget og flesket
Skulpturen «Den lille havfrue» i København vart i si tid lånt ut til ei utstilling i Shanghai.
Foto: Drago Prvulovic / NTB scanpixC
Den danske politikaren Per Hækkerup (1915–1979) var, som dei fleste av yrkesbrørne og -søstrene, ingen stor filosof. Men han var ein praktisk og omgjengeleg mann, litt for glad i det gode liv – som han nok ville ha fått nyta godt av i enda fleire år om ikkje dei våte varene og ein ubendig arbeidsnarkomani hadde hatt så sterk appell.
Det var da heller ikkje europeisk samlingsfilosofi og dei høge tankane hos menn som Claude Monnet og Robert Schuman den danske sosialdemokraten brukte hjernekraft og innsatsvilje på. (Monnet var av alle stader fødd i Cognac, 27 år før Hækkerup, men dei døydde same året.) Under den danske EU-striden i 1972, kom Hækkerup med slagordet «Flagget følger flæsket». Dermed fekk han sagt det som var viktig i saka: Den danske baconeksporten til Storbritannia vog så tungt i den danske økonomien at Danmark måtte inn i EEC, som det heitte den gongen, heilt uavhengig av sjølvråderett og mykje anna som dei intellektuelle ville snakka om. Stikk motsett det som hende i Noreg same året, var dei danske bøndene samde, og overvekta vart omtrent 60 mot 40.
Sterke etterdønningar etter flagget og flesket skvulpa opp i København denne veka, da ein 300 sider lang rapport om politi-åtferd under demonstrasjonar i 2012 mot den kinesiske presidenten Hu Jintao vart lagd fram. Det har kosta nokså mange millionar kroner og meir enn to års arbeid å få fram denne rapporten. Konklusjonen er at politiet braut grunnlova da nokre få fredelege danske demonstrantar ikkje fekk lov til å demonstrera med tibetanske flagg i solidaritet med Tibets folk.
Grunnlovskrenking er ei alvorleg sak, og dei skuldige viste seg – etter det rapporten hevdar – å vera to mellomleiarar i politiet. Mot dei vert det reist disiplinærsak. Granskingskommisjonen kom over eit lydopptak der ein av dei seier til ein rådvill politimann: «Ta flagget frå dei.» Kvar ordren kom frå, har det ikkje lukkast kommisjonen å finna ut, trass i alle granskingsmillionane og avhøyr av 70 personar. Det har atter vore «kø ved håndvasken», som danskane seier når folk høgt på strå gjer som Pontius Pilatus og vaskar hendene sine reine for all skuld.
Kinesarane, 1,3 milliardar kjenslevare menneske, skulle skånast for synet av tibetanske flagg, spesielt da limousinane med president Hu køyrde inn til audiens hos dronning Margrethe. Det var underforstått. Men ingen hadde sagt det høgt. Like underforstått var det at dette pomp- og praktbesøket skulle tena til å sikra danskane det meste av den mateksporten som nordmennene brått hadde mist etter nobelprisen til Liu Xiaobo to år før. Det vart skrive og snakka mykje om korleis dansk eksport ville tena på ein langt betre kontakt, men ingenting om at danskane no skulle profittera på at nordmennene hadde hamna i ulukka. Danskane spela ut trumfkortet sitt òg: «Den lille havfrue» vart eksportert – nå ja, i alle fall lånt ut – til ei utstilling i Shanghai. Ho er ganske sped og slank, men H.C. Andersen var ein matglad mann, særleg når andre spanderte. Og så får det heller vera litt synd – men ikkje for mykje – på dei to politifunksjonærane.
Flagget har sin funksjon når eksportøkonomane fleskar til. Ikkje er det gått meir enn fem og eit halvt år sidan besøket heller.
Per Egil Hegge
PS Denne veka har ein delegasjon frå Næringsdepartementet ført tingingar i Beijing med sikte på auke i norsk-kinesisk handelssamarbeid. Alt ordnar seg når vi berre syrgjer for at det er Norges Idrettsforbund og tilsvarande instansar som tar seg av flaggvifting og slikt, i Oslo som i København.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kinesarane, 1,3 milliardar kjenslevare menneske, skulle skånast for synet av tibetanske flagg.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.