JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Det historiske merkeåret 2017

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kvinner som deltok i ein #MeToo-protestmarsj i Los Angeles i november.

Foto: Lucy Nicholson / Reuters / NTB scanpix

3440
20171229
3440
20171229

Å sitja ved eit årsskifte og slå fast at kalenderåret som no sig i hav, vert ståande som eit merkeår, er risikosport. Det er enno ikkje ti år sidan «alle» var samde om at den arabiske våren ville bana veg for demokrati og gjera slutt på diktatorane i Midtausten. Slik gjekk det ikkje, minst av alt i Syria, heller ikkje i Egypt, og så er det Jemen. Dei lange linene i historia brukar meir enn tolv månader før dei vert synlege.

Det er heller ingen grunn til å tru at kvinneundertrykking, trakassering av kvinner, grove seksuelle overgrep og diskriminering, økonomisk skilnad mellom menn og kvinner eller andre former for urettvis åtferd skulle ta slutt om 48 timar. Men svært mykje tyder på at store grupper i gledeleg mange nasjonar har innsett at noko som ikkje berre er viktig, men heilt grunnleggjande, må endrast. I mange samanhengar er det alt under endring:

Harvey Weinstein, den amerikanske filmmogulen som har mista alle høge verv i Hollywood, får dermed ein posisjon i verdshistoria som han ikkje hadde tenkt seg for berre seks månader sidan. Det same gjeld politikarar som kjende seg trygge høgt oppe på rangstigen, fjernsynsstjerner som hadde ei årsløn på 200 millionar kroner og måtte gå på dagen, teatersjefar, akademikarar som trudde dei ustraffa kunne sjikanera kvinnelege studentar og yrkessøstrer, ikkje berre med tankar, men med ord og fikse gjerningar. Her til lands «går det ut over» pressefolk som trudde at krenkjande sleivkjeft og nærgåande bortidulting og handbruk var ei kvardagsleg sak. Om det så er Den norske legeforening, der «alle» har visst at folk – spesielt dei med høge stillingar og fine titlar – ikkje kunne kritiserast, og slett ikkje av yngre kvinner i bransjen om det vanka ein dose handspålegging pluss altruistiske tilbod, er det varsla heilt nye tonar.

Det er ikkje slik at alle syndarane vil få søkelyset på seg; somme slepp alltid unna. Men det at nokre tjuvar eller drapsmenn går fri, gjer ikkje at det da vert «urettvist» å bruka rettsvesen, arbeidsinstruks og sunn fornuft mot andre som heller ikkje no held seg på matta.

Da dette sakskomplekset hamna på førstesidene i svært mange samfunn det siste kvartalet i år, kom eg til å tenkja på ei kvinne eg arbeidde saman med i Trønder-Avisa for snart 60 år sidan. Det er lenge sidan ho rydda pulten og la pennen ned. Ho hadde vakse opp på ein gard i Ogndal, mellom jordnære, praktiske folk som både hadde bakkekontakt og tidleg visste kvar dei små søte lamma kjem frå.

Ho valde eitt års journalistisk vidareutdanning i Oslo, og der tok ho nokre kveldsvakter i ein avisredaksjon. Kjekke karar var stadig innom det vesle kontoret hennar og skapte stemning med slibrige historier. Ho var ikkje av dei som skvatt om ho vart utsett for ein grovis, men her fekk ho ikkje arbeidsro. Dessutan var historiene elendige, så dette var tidspille. Ho visste råd: Etter eit par-tre saftige trøndervitsar raudna dei barske karane og vakla ut, så ho kunne få gjort det ho var der for.

No er det den tingen med nordtrønderhumor at sjølv sarte sjeler i Norges Skiforbund kan gjera han til ei styresak. Så dette er ikkje verkty for blyge, unge jenter som vert utsett for press frå sjefar som ikkje har skjøna ting dei burde forstå før nokon fortalde dei det.

Men som nobelprisvinnaren frå i fjor syng: «The times, they are a-changin’».

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ikkje slik at alle syndarane vil få søkelyset på seg; somme slepp alltid unna.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis