JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

– Ikkje anna i hovudet enn pengar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Styreformann Tinius Nagell-Erichsen (t.v.) og konsernsjef Kjell Aamot i Schibstedt-gruppen då dei orienterte om Schibsteds ja til å gå inn som medeigar i TV 2 i 1991.

Foto: Jon Eeg / NTB scanpix

3388
20170804
3388
20170804

Når ein enkel gut frå innlandsbygdene, som eg, tenkjer på Donald Trump, hender det at nokre av tankane går i retning av den einaste milliardæren eg har kjent. Han var norsk, han døydde for knapt ti år sidan og heitte Tinius Nagell-Erichsen (1934–2007).

Ikkje at Tinius likna så mykje på den amerikanske presidenten, bortsett frå at begge var/er røslege og altså rike karar. Skilnaden går fram av den vanlegaste replikken hans når han inviterte og kom til poenget:

– Vi må ha ein kopp kaffi. Kva har du lese i det siste? Fortel meg om det, du les jo bøker. Eg har berre med pengemenneske å gjera. Dei har ikkje anna enn pengar i hovudet. Eg orkar ikkje meir!

Det hende han var i det spandable hjørnet, og da vart det til og med eit rundstykke eller to til kaffien. Og så ville han snakka om heilt andre ting enn pengar. Gjerne om amerikansk politikk og memoarlitteratur. Eller studieåra sine på London School of Economics.

Ein annan skilnad er at Tinius hadde gjennomføringskraft og visste kva han ville, og han rauk ikkje uklar med folk om dei meinte noko anna enn han.

– De får ikkje direksjonshonorar for å sitja her og svaia med fleirtalet, sa han ein gong i gammaltida, da Aftenposten enno var privateigd og det var Direksjonen med stor D som hadde makta.

Sidan gjekk både avisa og heile Schibsted på børs. Det vart ikkje færre pengemenneske rundt han av det. Men kanskje litt fleire som las bøker.

Ein annan som mest berre har pengemenneske rundt seg, er president i Russland og heiter Vladimir Putin. Her snakkar vi om folk som er milliardærar i dollar, karar som på briljant vis meistra overgangen frå stagnasjonssosialisme til turbokapitalisme. Og slik dei tenkjer, veit dei ikkje anna enn at i denne gruppa finn dei ikkje berre dei luraste, men òg dei glupaste. Ti eller tjue milliardar dollar på bok, gjerne i USA, er da prov godt nok?

Dermed var det opplagt at ein mangemilliardær som Trump måtte vera av same ulla, og dessutan hadde han vore i Moskva med Miss Universe-opplegget sitt: Stramme og stilfulle damer, stinne dollarkontoar og glam, glitter og stas. Reknestykket såg enkelt ut.

Det rakna for ei veke sidan, da den amerikanske kongressen vedtok ei samling beinharde sanksjonslover mot Russland, og presidenten kan ikkje setja dei ut av kraft. Han er dessutan pålagd å rapportera til Kongressen, kvart halvår, om dei finanstransaksjonane som vener og slektningar av Vladimir Putin har føremon av når amerikanske interesser er med. Trump kan sabotera alle granskingar, men ein så å seia samrøystes kongress kan han gjera lite med. Ein vanleg norsk demokrat vil meina at det er for mange millionærar i den amerikanske kongressen. Det har han eller ho rett i, men jamvel i USA er dette menn og kvinner som av og til må ut og møta vanlege folk

For dei som sit i Kreml og har lite anna i hovudet enn pengar, var det vanskeleg å sjå dette. Trump, som har så lite anna enn pengar der at han meinte ein grovkjefta kapitalforvaltar frå hans eige miljø burde få jobben som kommunikasjonssjef i Det kvite huset, såg det heller ikkje.

Urettvist, sa Putin. Trist, sa Trump.

Midt oppe i pengebingen kan utsynet vera usselt og blendverket altfor skarpt, sjølv for folk med Manhattan-solbriller. Kanskje særleg for dei. Og råd eller tid til ein kopp kaffi og eit par rundstykke har dei aldri.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis