Film

Verken fugl eller fisk på menyen

Sammen alene slit med å balansera drama og melodrama.

Vener på hyttetur pratar ikkje nødvendigvis godt saman.
Vener på hyttetur pratar ikkje nødvendigvis godt saman.
Publisert

To gamle vener (Nilsen og Ørbeck-Nilssen) møtest, saman med kjærastane (Velle og Petersson), for ei helg på hytta. Gamalt grums møter nytt grums.

Problema

Det er uendeleg sommarleg i Sammen alene – bølgene duvar, himmelen er blå og rosévinen flyt, i motsetning til samtalen. Dei fire kulturmenneska har underleg vanskeleg for å småprata. Det går frå null til hundre, temamessig, og tilbake til null igjen. Det må vera slitsamt å vera så lite gåverik i samtalekunsten og samtidig vera relativt vellukka skapande kunstnarar og forfattarar. Alt vert liggande på overflata, sjølv med dei tyngste temaa, som abort, sjølvmord og død. Det verkar som filmskaparane har hatt lyst å femna om kvart einaste tenkte scenario eit menneske kan gå gjennom, ved at hovudpersonane må ha gått gjennom desse sjølve. Det vert berre for mykje av det kjipe. Kanskje det er meininga at det skal vera kritikk av oss privilegerte, kvite nordmenn som studerer navlen vår som om det var reine hovudfagsprosjektet. Eller skal det vera eit forsøk på å forsvara den kvite middelklassen, at alle kan verta råka av eksistensielt vonde hendingar?

Intensjon eller ikkje, for meg hamnar Sammen alene innunder den ikkje heilt greie melodramakategorien.

Truverdet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement