Forfattar Torgny Lindgren vart 78 år gammal.
Foto: Jessica Gow / TT News Agency / NTB scanpix
Torsdag 16. mars kom meldinga om at den svenske forfattaren Torgny Lindgren var død, 78 år gamal. Lindgren, som har vore medlem av Svenska Akademien sidan 1991, debuterte som forfattar i 1965, og gav ut over 20 bøker. Han var fødd i Raggsjö i Västerbotten, og dette landskapet vart sentralt i forfattarskapen.
I romanar og noveller som for det meste går føre seg i eit Västerbotten Lindgren langt på veg har funne opp sjølv, møter lesaren i all hovudsak medels menneske som tek dei små oppgåvene sine på det største alvor, og ordinære handlingar vert tidt tolka som avgjerande hendingar i verda. Julius Lundmark i novella «Uppfinningarnas moder» finn såleis opp både dampmaskina, elektrisiteten og telefonen, utan å bry seg det minste om at alt dette eksisterer frå før. Den namnlause hovudpersonen i romanen Dorés Bibel gjer eit livsverk av å kopiera illustrasjonane til Doré. Av ein eller annan grunn inneheld verket hans eitt bilete meir enn originalen, så han har også tilført verda eitkvart.
I romanen Pölsan møter me notisskrivaren Manfred Marklund, som har høge tankar om kunsten det er å skriva notisar til ei lokalavis. Lenge før alle trumpismar er han dessutan ein framifrå leverandør av alternative faktum. Han leverer også ein poetikk som eg reint personleg har hatt stor glede av, så stor at det etter mange år gav retning og substans til ein roman eg lenge ikkje trudde eg skulle få til. Marklund seier nemleg: «Den som skriver behöver slitna, nernötta ord.» Orda som har stått seg, er dei einaste ein treng.
I den siste romanen Lindgren gav ut, Klingsor, finn hovudpersonen Klingsor eit glas som har stått på ein skeiv stubbe i mange tiår. Glaset har tilpassa seg underlaget, det er skeivt i botnen, men rakt oppe, så lenge det står på stubben. I dette glaset ser lesaren også eit bilete på den eineståande forfattarskapen til Torgny Lindgren. Den magiske realismen i nordsvensk utgåve kjem mest til sin rett på originalspråket, der særleg eitt moment i grammatikken tykkjest viktig, slik eg ser det, og samsvarande med innhaldet. Det er bruken av bunden form, til dømes slik: «I dag äter vi sillen». Det generelle vert presentert som partikulært, det har ein individuell verdi ein elles ikkje får auga på. Men til opplevinga av den individuelle verdien høyrer også livsløgna; den kvantitativt påviste individualiteten medfører ikkje automatisk ein tilsvarande kvalitativ. I dette ligg det ei sorg som lesaren stundom slepp å dela med personane i bøkene til Lindgren, dei er verna av nåde. For den namnlause i Dorés Bibel er det ein nåde at han ikkje kan lesa, men det veit berre lesaren.
Lindgren hadde sans for personar utanom allfarveg, som bygdepoetar, notisskrivarar, hobbyfilosofar og amatørmålarar, og i bøkene hans kjem slike med mange utsegner, mellom anna om kunst, som denne, i Klingsor: «Världen är uteslutande konst.» Men Klingsor seier sjølv dette om emnet: «Att konsten finns beror på at den är obeskrivlig.»
Torgny Lindgrens forfattarskap er skrivekunst av aller høgste klasse, og ein kunne tenkja seg at dette livsverket bør få eit langt etterliv i menneskeverda, sobert og intelligent som det er skrive, og urkomisk i sitt veldige alvor. Forfattaren sjølv verka ikkje alltid like optimistisk i det han skreiv, og eg lèt nokre ord frå novella «Thomas Manns begravning» stå som døme på det, ord som høver ekstra godt no når Torgny Lindgren er borte: «Människan sjunker. Hon kommer aldrig mer att nå upp till litteraturens nivå.»
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dagog Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.