Bok
Tilforlateleg drama
Også dei utan ein vanskeleg oppvekst kan ha sitt å stri med, hevdar Ingrid Lensol.
Ingrid Lensol er ute med sin første roman.
Foto: Emmanouela Tsipi Benjaminsen
Vi møter Erle når ho er seks år. Bestevenninna Sol bur i huset ved sida av, dei går inn og ut hos kvarandre, leikar og skriv brev dei legg overalt. Mor og far til Erle er eit stabilt par og trygge og merksame mot Erle – og sidan mot veslebroren Edvin. Er denne idyllen noko å skrive heim om, då? Idyllen skal attpåtil vare ved – men samstundes ikkje.
I beredskap
Erle er nemleg eit kjenslevart barn. Når Edvin blir fødd, oppdagar dei at han har ein bilyd i hjartet og treng ein operasjon. Erle, som trudde dei sa «bil-lyd», ser for seg ein liten bil som køyrer rundt i hjartet hans. Ho knyter seg sterkt til han, passar på han. Inni bilen under ein bilvask leikar dei meteorologar, dei er kreative i leiken og samværet.
Men stadig ser Erle føre seg at det skjer katastrofale ting med Edvin. Og med mor. Erle begynner å gråte ein dag ho ser mor på badet, for det er noko med korleis ho står over vasken som minner ho på at mora ein dag skal døy.
Faren plystrar, Erle får dårleg samvit for at ho irriterer seg over det. Ho førebur seg på brann, og på korleis ho skal få familien ut om det begynner å brenne. Når ho og Sol er ute og går, får ho vondt av ein mann som sit på ein benk. I det heile lever Erle eit liv med alle sansane skrudde på fullt og i konstant beredskap.
Livet i presens
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.