Til å le og grina av
Heldigvis er Syk pike ofte sjukt morosam.
Signe (Kristine Kujath Thorp) prøver å få merksemd frå kjærasten ved å late som om ho har fått ein alvorleg sjukdom.
Foto: Oslo Pictures
Komedie
Regi: Kristoffer Borgli
Syk pike
Med: Kristine Kujath Thorp, Eirik Sæther
Kinofilm
Kunstnarkjærasten Thomas (Sæther) får rett og slett så mykje merksemd at Signe (Thorp) må ta affære for å hamna i søkelyset sjølv. Strategien hennar er at ingenting vekkjer meir sympati i folk enn ein synleg sjukdom.
Ubehaget
Lykke til med å finna mindre likandes filmkarakterar i årets norske filmar enn paret Signe og Thomas! Ikkje tenk på dei forferdelege hudmisdanningane hennar, det mest gufne er å sjå kva dei to klarar lira ut av seg i både ord og handlingar. Sparket til kulturfiffen treffer godt, men den viktigaste mottakaren av spark er kanskje det latterlege merksemdsjaget både unge og ikkje så unge driv med generelt i samfunnet, og dei krampaktig korrekte, men akk så kyniske menneska og bransjane som tilrettelegg for den intense navlestirringa. Viss det ikkje hamnar på Instagram eller i D2 – har det då skjedd?
Nokon snedig, fintfølande satire er Syk pike ikkje, kritikken ligg så oppi dagen at nokon djup analyse trengst ikkje. Det funkar som berre det – folk er folk verst, men heldigvis er dei færraste så til dei grader ute og køyra som Signe.
Kameraet, ført av Benjamin Loeb, svitsjar frå fjes til fjes, og sjølv det oppsminka fjeset til Kristine Kujath Thorp toler zoominga, då makeupstaben har gjort ein formidabel jobb. Er han morosam, denne debutlangfilmen frå regissør, klippar og manusforfattar Kristoffer Borgli? Ja!
Edvard Munchhausen
Dei sekvensane eg ler mest av, er særleg dei der Signe ser for seg ulike scenario, med tilbakevendande tema som at far ikkje har vore til stades, at den eine veninna ikkje kom på besøk under sjukehusopphaldet, og ein altfor sjølvoppteken kjæraste. Audmjukt kjem dei krypande for å visa kor mykje ho eigentleg betyr, og kor fælt dei har oppført seg.
Det er sjølvsagt forferdeleg trist, men meir enn å le av dei som måtte kjenna på slike menneskelege erkjenningar i relasjonar, så er det ei grei, lita filleristing av offerrolla og kan henda ein vel streng «klipp deg og kom deg i arbeid»-bodskap. Det vil seia: Om du vel å ta deg nær av det som skjer i Syk pike, så får du mest sannsynleg lite sympati frå dei som likar filmen. Klart det er genuint synd i dei som lir av Münchhausens syndrom, men dette handlar altså mest om kor langt enkelte er villige å gå for å bli lagt merke til. Trist, morosamt og skikkeleg ubehageleg, der har du Syk pike kort oppsummert.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nokon snedig, fintfølande satire er Syk pike ikkje.
Fleire artiklar
Irene Nordli: «Vessel nr 21» (2021)
Alle foto: Mona Louise Dysvik Mørk
Ei haustutstilling med preg av sjekkliste
Då Amanda kjem tilbake til skulen om hausten, blir ho fadder for den nye guten i klassa, Lars, som har Downs syndrom.
Foto: Nordisk Film Production
Koseleg mobbefilm