Varmhjarta historieforteljing
Heim er attkjennande for både bymann og stril.
Hordaland Teater tek oss med på ein nostalgisk tur til Vestlandet.
Foto: Andreas Roksvaag
Hordaland Teater
Ragnar Hovland, Finn Tokvam, Bjørn Sortland, Marie Amdam, Solrun Toft Iversen, Mari Hesjedal, Ingrid Jørgensen Dragland, Sigrid Moldestad, Marit Eikemo, Frode Grytten:
Heim. Ei musikalsk vestlandskrønike,
del 1: 1965–1975
Idé og regi: Solrun Toft Iversen
Koreograf/regiassistent: Hilde Sol Erdal
Scenografi: Tora Troe
Hordaland Teater har flytta «te bydn» og står fram med første bolk av fire, som samla skal gi oss ei reise gjennom Vestlandet – i all hovudsak Hordaland med Bergen – frå 1965 og fram til vår eiga tid. Med dette grepet ønskjer teatersjef Solrun Toft Iversen truleg både å plassere teateret sitt i ein samanheng publikum kan identifisere seg med, og gi oss nokre glimt av kva som har gjort oss til det vi er, på godt og vondt.
Ho lykkast. Det som i stor grad ber framsyninga, er dette uforfalska og varmhjarta som ingen vestlending tek feil av.
Nostalgiske glimt
Men slik prosjektet er tenkt, med ikkje mindre enn ti bidragsytarar på tekstsida, kan ikkje Heim få nokon heilskap. Det blir ei rad meir eller mindre nostalgiske glimt, einskildbidrag til soga om Vestlandet og vestlendingen. Likevel speglar dei 18 nummera det Vestlandet som fanst for 40–50 år sidan på eit vis som gir attkjenning for dei som har levd ei stund. Her er det strilen, ikkje bergensaren, som står i sentrum – eit pluss i seg sjølv. Men tida som blir kalla fram, har vi alle felles. For rett nok har dei fleste nummera ei presis lokal forankring, gjerne også datofesting, men menneska, opplevingane og kjenslene har noko allment ved seg.
Både månelandinga i 1969 og ikkje minst musikken som går gjennom heile framsyninga, minner oss på at Vestlandet var ein del av verda alt på sekstitalet. Heim er i høg grad ei musikalsk tidsreise, der bergensgruppa Safts europeiske suksess med låten «People in Motion» opnar og der Sigbjørn Bernhoft Osas herlege versjon av «Fanitullen» også er med. Men det meste av musikken er utanlandsk, slik han var for oss som vaks opp i dette tiåret.
Eit konglomerat
Tekstane utgjer eit konglomerat. Her er striledans og vêret til sjøs, bensinrasjonering, sjukdom, filosofering og kvardagsrøyndom, agitasjon mot EEC, kommunikasjonsproblem (både trafikkale og verbale), uønskt graviditet, ein avblomstra hippie, «sista ferjo» og mykje meir – der især oljeindustriens «erobring» av Mongstad gjer inntrykk. Ein slags raud tråd er identitet og lengten bort – men også lengten heim att.
Alvor vekslar med humor, fint kombinert i Bjørn Sortlands dialog mellom ein bussjåfør (Claus Sellevoll) og ein psykiatrisk pasient (Anne Wiig), der han freistar «oppmuntre» henne, men seier alt ein ikkje skal seie. Sjølv om kvaliteten på tekstane varierer, toler dei alle rampelyset. Frode Gryttens stillfarne garderobevedkjenning står fram som eit høgdepunkt, saman med Finn Tokvams konfirmasjonstale, fint tolka av Sigurd Sele.
Med solide Vaksne Herrers Orkester i ryggen klarer dei fem på scenen seg godt gjennom framsyninga. Sigrid Moldestad beherskar ikkje berre fele og song, ho kjem òg vel frå sine sceniske oppgåver. Claus Sellevoll syner igjen evner som imitator, og Sigurd Sele bidreg med solid songkraft.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.