JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Tragikomedie i ordets beste meining

Ein leiken Ibsen-klassikar som går til kjernen i stykket.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Framsyninga har fått eit moderne visuelt teaterspråk.

Foto: Bengt Wanselius

3209
20171020
3209
20171020

Trøndelag tEATER

Vildanden

AV HENRIK IBSEN
REGI: RUNAR HODNE
SCENOGRAFI: SERGE VON ARX
KOSTYME: NINA VON ARX

Mange regissørar, særleg av det ferske slaget, trur dei berre kan gjere klassikarane til «sine» ved å omkalfatre dei. Runar Hodne syner at det kan gjerast i truskap til utgangspunktet og likevel elegant og nytt. Oppsetjinga han har laga av Ibsen-travaren Vildanden, er leiken samstundes som ho går til kjernen i stykket. Dette er tragikomedie i ordets beste meining.

Scenografien er spesiell. Medan vi anar selskapet hjå grosserar Werle bak eit slør, går dei første scenene føre seg på ei trong forscene, der folk så vidt kan passere kvarandre. Det gjer Hjalmar Ekdals svik mot faren desto tydelegare når han kan få seg til å seie at han ikkje la merke til at faren gjekk forbi. Snart skal han svike igjen, denne gongen ved å gløyme å ta med noko godt frå selskapet til vesle Hedvig som ventar heime på det han har lova.

Sjølvkjærleik

Slik blir karakteren Hjalmar Ekdal etablert, og Andreas Stoltenberg Granerud lét oss få sjå han i den armodslege og innimellom stakkarslege sjølvkjærleiken sin. Ein treng ingen stor fantasi for å skjøne at han kan bli eit lett offer for sanningsfundamentalisten Gregers Werle. Og det endå om Werle, i Karl-Vidar Lendes skikkelse, blir mindre farleg enn han helst skal vere. Han verkar forknytt, tilknappa, går med armane ned langs kroppen og signaliserer ikkje noko av den fridommen han vil forløyse Ekdal til, og som han nett har tilkjempa seg ved å bryte med faren. Han står ikkje heilt til truande, men syner seg akkurat så forblinda som ein idealfanatikar må vere for ikkje å innsjå at det han vil lokke Hedvig til, kan få eit fatalt utfall.

Noko av det som gjer denne oppsetjinga til komedie, er spelet mellom notid og fortid, med dialogar som brått kan få moderne innskot. Dessutan metainnslag som skal illustrere at dette er berre spel, som når Hjalmar Ekdal speler på ei tenkt fløyte eller Gina henger opp klede som ikkje finst. Også Ekdal kallar på låtten, der han på sitt pompøse vis talar om den store oppfinninga som aldri vil bli noko av, og samstundes sutrar over bagatellane i tilværet.

Vakkert samspel

Stine Fevik leverer ei fin og truverdig Gina, kvinna som kan retusjere både bileta og sanninga. Samspelet mellom henne og Hedvig er vakkert, og Kathrine Thorborg Johansen taklar den vanskelege jenterolla overtydande. Kjærleiken til faren, kjensla av svik og desperasjonen då faren ikkje lenger vil vedkjenne seg henne – alt dette får ho fram, men også at det finst ein styrke i denne ungjenta, ein vilje til å gå langt for å vinne attende farskjærleiken.

Oppsetjinga har fått eit moderne visuelt teaterspråk. Det understrekar berre at problemet med absolutt openheit om livsløgn og andre ubehagelege sanningar er like relevant i dag som på Ibsens tid.

Loftet med villanda, hønene og kaninane har ofte vore ei hovudpine for scenografar. Her legg Serge von Arx det heilt bak på scena, og han gir det såleis ei ekstra symbolsk djupne.

JAN H. LANDRO

Jan H. Landro er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er tragikomedie i ordets beste meining.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis