Strålande kammerspel
Godt samspel gir liv til stykke som kanskje har sett sine beste dagar.
Espen Hana og Even Stormoen spelar kvarandre gode.
Foto: Stig Håvard Dirdal
ROGALAND TEATER
TEATERHALLEN
Påklederen
AV RONALD HARWOOD
OMSETJING: TORSTEIN BUGGE HØVERSTAD
OMARBEIDING OG REGI: TORFINN NAG
SCENOGRAFI OG KOSTYME: GJERMUND ANDRESEN
Det er ikkje så lett å sjå kva som har gitt dette stykket ein så langvarig suksess på scener over heile verda, for det har ikkje nokon spesielt aktuell bodskap, og tida og forholda det skildrar, verkar fjerne. Kan forklaringa vere at Påklederen appellerer så direkte til hjarte og kjensler, og at med dei rette aktørane i hovudrollene kan stykket gi ei teaterstund av dei sjeldne?
Rogaland Teater har funne dei rette parhestane, to scenekunstnarar som veit å spele på kvarandre og gjere kvarandre gode. Med Espen Hana og Even Stormoen i rollene som han som kler på og den falmande Shakespeare-tolkaren som blir kledd på, er det duka for fin replikkunst, ypparleg timing og bråe sprang mellom humor og tristesse.
Dei to arbeider i eit omreisande teaterensemble som dreg frå stad til stad med Kong Lear i krigens England. Sir, som primadonnaa blir kalla, slit med motivasjonen, alkoholen, minnet og helsa. Sebastian, som går han til hande, må utføre tryllekunstar for å få Sir nokolunde speleklar til kveldens framsyning.
Kampen mellom dei, især på det verbale planet, er stykkets motor. Sir må lokkast og lirkast med. I den eine augneblinken kan han vere vennleg og medgjerleg, i den neste gjer han seg heilt umogleg. Og Sebastian må takle påfunna og stemningsskifta hans – samstundes som han freistar overtyde resten av ensemblet om at Sir kjem til å stå på scena denne kvelden òg.
I den verbale duellen mellom dei når framsyninga høgdepunktet sitt. Herre/tenarforholdet får fram det beste og verste i båe, og Hana og Stormoen speler på eit stort register av mimiske og verbale uttrykk. Med Sir er det kome så langt at han knapt bryr seg lenger, sjølv om han framleis vil vere stjerne, medan Sebastian har knytt framtida si til å arbeide for han. Under munnbruken merkar vi også kjærleiken som gjer dette kammerspelet så rørande.
JAN H. LANDRO
Jan H. Landro er journalist, forfattar og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.