Stein Winge (1940–2024)
Ved Stein Winges bortgang har norsk teater mista ein av sine mest ruvande skikkelsar.
Ei kjempe har forlate scenen, meiner Jan H. Landro
Foto: Torstein Bøe / NTB
Ved Stein Winges bortgang har norsk teater mista ein av sine mest ruvande skikkelsar. Og ein av dei mest sjølvstendige. Som regissør, og det er framfor alt på det feltet han har utmerkt seg, valde han tidleg å gå sine eigne vegar. Han visste kva han ville, og kvar han skulle – og sytte stort sett for å kome dit. Så fekk kritikarane meine kva dei ville.
Men dei såg jo kva han kunne, og kva han fekk til. Slik dei også i utlandet fekk augo opp for den framifrå teater- og etter kvart operaregissøren. Opphavleg var draumen hans å bli dirigent, så musikken hadde han også «inne». Noko av det som gjorde han til eit «namn» både heime og ute, var dei fornyande regigrepa han ofte tydde til, grep som kunne opne for nye perspektiv og spennande møte med tekstar vi trudde vi alt kjende ut og inn. Måten han stiliserte fleire Brecht-stykke på, er døme på korleis han kunne gå laus på eit velkjent stykke.
Å gå sine eigne vegar innebar også å lite på sine eigne visjonar, og som scenisk skapande var Winge både oppfinnsam og dristig. Og nokså kompromisslaus. Han gjekk ikkje av vegen for å utfordre gjeldande konvensjonar, som då han i 1983 gav Anne Marit Jacobsen rolla som kongen i Johan uten land. Det var noko heilt nytt i norsk teater, og ikkje gjort for å skape sensasjon (som vi kan mistenkje mange seinare oppsetjingar for), men fordi han såg at eit slikt «kjønnsskifte» kunne gi ny djupne til teksten. Måten han regisserte Kong Lear på, både her heime og i Los Angeles, vekte stor åtgaum og er i ettertid sett på som ein milepåle.
«Han ville overraske, han ville fornye, han ville skape i det heilt store formatet.»
Kanskje kunne viljen til å utfordre seg sjølv og andre med stadig nye verkemiddel stundom gå imot dei kunstnarlege intensjonane hans. Men Stein Winge rodde seg alltid i land. Han ville overraske, han ville fornye, han ville skape i det heilt store formatet. Då kunne det av og til bli vel mykje.
Eigenskapen som fornyar fann også administrative utslag, som då han var med på å etablere Torshovteatret eller tok initiativ til å opprette Ibsenfestivalen på Nationaltheatret. Båe har synt seg livsdugande og framsynte. Det er ein av dei heilt store i norsk etterkrigsteater som no har takka av.
Jan H. Landro
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
I Like to Sleep har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?