På grensa til døden
Fosse-kompaniet gjer ein av Fosses mest «svevande» teatertekstar meir «jordnær».
Den eine og Den andre vert spelte av Peter Kolbjørnsen og Maud Jonassen.
Foto: Jan Tore Øverstad
Det norske
Fosse-kompaniet
Jon Fosse:
Eg er vinden
Regi og manusomarbeiding: Maud Jonassen og Peter Kolbjørnsen
Musikk og lyddesign: Tobias Grønborg
Vinterlysfestivalen i Mo i Rana
Det norske Fosse-kompaniet produserer ikkje kraft, men derimot scenekunst, skriven av Jon Fosse. Dei har base i Snertingdal i Gjøvik kommune, og Eg er vinden er den tredje Fosse-teksten dei set opp.
Slik Eirik Stubø regisserte urpremieren for fjorten år sidan, blei det ei heilt naken og reinskoren framsyning. To personar stod rett opp og ned og snakka nesten tonlaust på ei heilt tom scene utan rekvisittar. Det er heilt i tråd med Fosses tilvising, som seier at stykket speler seg ut i ein tenkt og så vidt illudert båt, slik også handlingane er tenkte og berre skal illuderast.
Kva kjønn Den eine (Peter Kolbjørnsen) og Den andre (Maud Jonassen) skal ha, seier ikkje Fosse noko om. I denne oppsetjinga kan dei vere vener, kanskje kjærastar. Men dei to som også har ansvaret for regien, har ikkje heilt våga å lite på teksten aleine, og dei vel å syne handlingane – utan å gjere altfor mykje av dei. Eller kanskje torer dei ikkje lite på seg sjølve?
Om vi ser bort frå det, og at dei har utstyrt seg med nokre meter tau som dei gjer det meste ut av, har framsyninga teke vare på mykje av tonen i dette stykket som heile tida beveger seg på grensa mellom liv og død, og som innimellom har ein litt meir filosoferande karakter enn mange Fosse-stykke.
Med spelestilen sin gjer dei to medverkande kanskje stykket meir «realistisk» enn det teksten synest å invitere til, men framsyninga fungerer likevel bra.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar og journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.