Musikalsk festframsyning
Gode krefter frå teater og symfoniorkester i nord lyfter ei musikalsviske.
Sondre Krogtoft Larsen og Maria Nohr spelar hovudrollene i den kjende musikalen.
Foto: Hålogaland Teater
MUSIKAL
HÅLOGALAND TEATER
The Sound of Music
MUSIKK: RICHARD RODGERS
SONGTEKSTAR: OSCAR
HAMMERSTEIN II
MANUS: HOWARD LINDSAY OG RUSSEL CROUSE
OMSETT OG BEARBEIDD TIL
NORDNORSK AV RAGNAR OLSEN
REGI: IVAR TINDBERG
SCENOGRAFI OG KOSTYME:
YNGVAR JULIN
Når Hålogaland Teater samarbeider med Nordnorsk Opera og Symfoniorkester og dessutan hentar heim sterke songkrefter frå andre delar av landet, blir det ei musikalsk framsyning på høgt nivå. At Ragnar Olsen har gitt både dialog og songtekstar nordnorsk klesdrakt, gjer så visst ikkje resultatet dårlegare.
I 27 år gamle Maria Nohr frå Kjerringøy har Hålogaland Teater funne ei musikalstjerne. Den klokkeklare mezzosopranen kling vakkert frå første tone og ber gjennom heile framsyninga. Nohr veit òg å bevege seg på ei scene, sjølv om ho kanskje ikkje kjenner seg like trygg i spelet som i songen. Men ho har eit sterkt scenisk nærvær og ei rik utstråling. Og kven andre enn sjølvaste Ingebjørg Kosmo (frå Fauske) har dei fått til å synge rolla som priorinna? Med lang røynsle frå operascena veit ho òg korleis ho skal te seg. Med seg har ho seks nonner, og saman leverer dei himmelske tonar. Elles utmerkar Svein Harry S. Hauge seg med ein morosam Max Detweiler, som rett nok held på å skli ut i parodien.
Det musikalske er overordna alt anna, men i Yngvar Julins praktfulle og særs funksjonelle scenografi blir også det stadig aktuelle temaet med trugande høgreekstremisme gitt den plassen det skal ha.
JAN H. LANDRO
Jan H. Landro er journalist, forfattar og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
MUSIKAL
HÅLOGALAND TEATER
The Sound of Music
MUSIKK: RICHARD RODGERS
SONGTEKSTAR: OSCAR
HAMMERSTEIN II
MANUS: HOWARD LINDSAY OG RUSSEL CROUSE
OMSETT OG BEARBEIDD TIL
NORDNORSK AV RAGNAR OLSEN
REGI: IVAR TINDBERG
SCENOGRAFI OG KOSTYME:
YNGVAR JULIN
Når Hålogaland Teater samarbeider med Nordnorsk Opera og Symfoniorkester og dessutan hentar heim sterke songkrefter frå andre delar av landet, blir det ei musikalsk framsyning på høgt nivå. At Ragnar Olsen har gitt både dialog og songtekstar nordnorsk klesdrakt, gjer så visst ikkje resultatet dårlegare.
I 27 år gamle Maria Nohr frå Kjerringøy har Hålogaland Teater funne ei musikalstjerne. Den klokkeklare mezzosopranen kling vakkert frå første tone og ber gjennom heile framsyninga. Nohr veit òg å bevege seg på ei scene, sjølv om ho kanskje ikkje kjenner seg like trygg i spelet som i songen. Men ho har eit sterkt scenisk nærvær og ei rik utstråling. Og kven andre enn sjølvaste Ingebjørg Kosmo (frå Fauske) har dei fått til å synge rolla som priorinna? Med lang røynsle frå operascena veit ho òg korleis ho skal te seg. Med seg har ho seks nonner, og saman leverer dei himmelske tonar. Elles utmerkar Svein Harry S. Hauge seg med ein morosam Max Detweiler, som rett nok held på å skli ut i parodien.
Det musikalske er overordna alt anna, men i Yngvar Julins praktfulle og særs funksjonelle scenografi blir også det stadig aktuelle temaet med trugande høgreekstremisme gitt den plassen det skal ha.
JAN H. LANDRO
Jan H. Landro er journalist, forfattar og fast skribent
i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.