JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Mot undergangen

Ein regi som ikkje «samtalar» med teksten, gjer Melancholia til eit heilt nytt, men ikkje heilt uinteressant, kunstverk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bryllaupet til Justine og Michael skulle bli eit eventyr, men før festen er over, har overflata byrja å slå sprekkar.

Foto: Den Nationale Scene

3565
20240419
3565
20240419

Den Nationale Scene, Teaterkjelleren

Lars von Trier:

Melancholia

Omsetjing: Tom Remlov
Omarbeiding og regi: Maria Drangeid
Scenografi og kostyme: Tone Aminda Lund
Lyd og komposisjon: Fredrik Storsveen
Lys: Arne Kambestad
Planetkoreografi: Irene
Vesterhus Theisen

Romanar og filmar har lenge og i altfor stor grad vore utgangsmateriale for teaterframsyningar. Då er det forståeleg at regissørar som vil setje dette om til scenisk uttrykk, kjenner trong til å distansere seg så mykje som råd frå opphavet. I det ligg jo sjølve grunnlaget for å skape teater av noko som fungerer vel i andre sjangrar. Men kva om ein ikkje har noko nytt å tilføre stoffet?

Det er det eg opplever med Maria Drangeids versjon av Lars von Triers dystopiske film om den fiktive planeten Melancholia, som synest å styre rett mot jorda med øydeleggjande konsekvensar. Drangeid har tvert om tappa filmen for dramatisk kraft – utan å ha anna å erstatte med enn ytre effektar. No skal det rett nok seiast at det ho har gjort, er slåande nok, og 100 prosent gjennomført, men det gir ikkje tematikken noko nytt av verdi. Tvert imot, forma ho har valt, kolliderer så kraftig med teksten (som er tru mot von Triers original frå 2011) at ho skaper avstand til stoffet.

Eit trugsmål

Filmen er ikkje berre historia om planeten som trugar med å slette ut jorda, men også om korleis to søstrer reagerer på dette trugsmålet. Kvar på sitt vis verkar Justine (Monica Dybwad) og Claire (Ameli Isungset Agbota) som psykiatriske kasus. Medan førstnemnde slit mentalt og er tydeleg depressiv, er søstera ei omvandrande tvangsliding, heile tida må ho sikre seg at alt ikring henne går etter oppsett skjema. Når den eine er høgt oppe, er den andre lågt nede, og omvendt.

Alt dette er «etter boka», men regissøren har gitt det ei form med ekstremt stilisert spel, overdrivne og til dels mekaniske rørsler – med og utan steppesko – supplert med ein scenografi som konsekvent stør opp om den antirealistiske spelestilen. Det er imponerande gjort, og det er profesjonelt levert av alle medverkande. Men denne stilen stør ikkje opp «realismen» i trugsmålet frå himmelrommet, det er tvert om som om han direkte motarbeider alt det trugande. Men kan det vere tenkt som eit bilete på korleis vi møter klimaendringane og alt dei ber med seg – korleis vi ikkje vil ta inn over oss konsekvensane av det vi ser komme? Som ein parallell til Stanley Kramers oscarvinnande film Ship of Fools (Dårenes skip) frå 1965, der sluttreplikken sardonisk lyder: «Kva har alt dette med oss å gjere? Ingenting.»

Overraskande lydbilete

Første del, som er hovuddelen, er eit bryllaup som Claire og den styrtrike mannen hennar har stelt i stand for Justine, men der brura er meir fråverande enn nærverande, også reint fysisk. Så er det som om situasjonen er snudd på hovudet i del to, med Claire full av angst for Melancholia som nærmar seg, og Justine likeglad. Ho meiner at på jorda finst berre vondskap, så ingen kjem til å sakne jorda om ho blir knust.

Melancholia er blitt ei framsyning med mykje å sjå på i all sitt mangfald og alt ein kan feste auge og øyre på. For Fredrik Storsveen har sytt for eit til dels overraskande lydbilete. Overraskande er det derimot ikkje at eit par mannsroller blir spelte av kvinner. Det er ei stund sidan dette var nytt, og det er ikkje lett å sjå kva funksjon det har her.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis