JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Kva krig gjer med ein

Skadeskutt er eit ikkje heilt vellukka stykke om eit vanskeleg tema.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skodespelarane Lars Melsæter Rydjord og Hugo Mikal Skår er stadig i rørsle.

Foto: Magnus Roaldset Furset, Thing

1795
20180413
1795
20180413

Teatret Vårt

Øystein Johansen:

Skadeskutt

Regi Øystein Johansen
Lysdesign: Finn Landsperg

I førre veke vart dei som har representert Noreg i internasjonale militære operasjonar dei siste førti åra, heidra. Slik får ein fram den positive sida av denne innsatsen. Men det finst også ei negativ side, som har vore tema for fleire teaterproduksjonar, seinast Skadeskutt på Teatret Vårt i Molde. Posttraumatisk stress etter operasjonar i Afghanistan går gjerne att, men denne framsyninga seier ikkje noko om tid og stad, og gjer slik problemet meir allment.

Skadeskutt skil seg òg ut ved å kombinere verbalt og fysisk teater, grensande til dans, for å få fram noko av det som ikkje så lett lèt seg uttrykkje med ord. Men sjølv om dei to fysisk sterke skodespelarane, Lars Melsæter Rydjord og Hugo Mikal Skår, bokstaveleg tala går på veggane og elles er i stadig rørsle, fortel ikkje alt dette fysiske så mykje ut over å illustrere kampsituasjonar. Det som skal vere eit koreografisk «tillegg», synest ikkje få fram så mykje av det tittelen fortel at stykket handlar om.

Mykje av dei femti minutta går med til å skildre krig og haldningar til krig, interessant nok i seg sjølv, mindre til å syne kva det inneber å vere mentalt skadeskoten. Det beste i framsyninga er augneblikka der dei to på den nakne scena viser korleis eit menneske med ei – kanskje – idealistisk haldning til å utgjere ein skilnad litt etter litt kan endre seg, ikkje berre til ein som vil berge livet sitt, koste kva det koste vil, men også til ein som ser fienden som noko som må og skal drepast, same kva. Men då er ein vel eigentleg skadeskoten nok?

Jan H. Landro

Jan H. Landro er journalist, forfattar og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis