Klassikar i fine tolkingar
Dei to framsyningane er svært ulike, men båe held høg kvalitet.
Kamilla Grønli Hartvig spelar Laura på Den Nationale Scene. I bakgrunnen Marianne Nielsen og Kim J. Olsen.
Foto: Odd Mehus
DEN NATIONALE SCENE
Glassmenasjeriet
AV TENNESSEE WILLIAMS
OMSETT AV INGER HAGERUP
REGI: ANNE-KAREN HYTTEN
TRØNDELAG TEATER
Glassmenasjeriet
AV TENNESSEE WILLIAMS
REGI: JOHANNES HOLMEN DAHL
Det kan gå tiår mellom kvar gong Tennessee Williams-klassikaren Glassmenasjeriet blir sett opp på norske scener. Men denne hausten har familiedramaet vore spelt både på Trøndelag Teater og Den Nationale Scene i Bergen.
Einsemd og isolasjon – men også illusjon og håp om noko betre – er tema for stykket, som stadig står på repertoaret på teater over heile verda. I sentrum finn vi Laura (23), usikker, menneskesky og med ein liten fysisk skavank, ein defekt ho har forstørra så han er blitt den aller viktigaste delen av personlegdomen hennar.
Då broren, på oppmoding frå mora, ber heim ein «kavaler», går Laura gjennom ei oppvakning som lèt henne opne seg for gjesten. Han får henne til å snakke, le, danse, men må, då han ser kva for håp dette vekkjer i henne, vedgå at han alt har ein kjærast og snart skal gifte seg.
Klaustrofobisk
På Studioscenen i Trondheim har dei skapt eit klaustrofobisk, nake rom nesten heilt utan scenografiske element, som for å understreke i kva grad personane er fanga i sitt eige tilvære. Berre Lauras glasmenasjeri, ei samling miniatyrdyr i glas som ho ofte flyktar inn i, har fått ein sentral plass på scenen.
I Teaterkjelleren i Bergen har dei spandert fleire kulisser og utstyrt rommet med slitne møblar som vitnar om ein familie eit stykke unna samfunnets solside. Også der, sjølvsagt, med glasdyra i sentrum. Men kjensla av klaustrofobi er ikkje like sterk, og oppsetjinga er heller ikkje så lågmælt som den i Trondheim.
Den viktigaste skilnaden på dei to framsyningane, sjølv om han kan verke ubetydeleg, er at i Bergen blir skavanken til Laura berre ein påstand. Vi ser han ikkje, ho haltar ikkje og ho kan bevege seg fritt ikring på scenen. Det gjer ho då også, somme tider som ei dansarinne, noko som i seg sjølv gjer denne oppsetjinga litt mindre depressiv (og får meg til å tvile på påstanden hennar om at ho ikkje kan danse).
Nyanserikdom
Ved å spele meir direkte på Lauras skavank understrekar den ferske regissøren Johannes Holmen Dahl den sentrale plassen hennar i stykket og det som gjer at ho har trekt seg så tilbake frå omverda. På scenen i Trondheim får det som utslag at Laura, i Ragna Grandes skikkelse, lenge oppheld seg i utkanten av scenerommet, har lite fysisk å spele på og dermed er heilt overlaten til å uttrykkje seg gjennom mimikk og kroppsspråk. Og dette gjer ho med ein nyanserikdom berre dei beste kan mønstre. Vi kan følgje utviklinga frå tilbaketrekt via grader av oppvakning til optimisme, omsnunad og nederlag. Ei strålande rolletolking.
Også Kamilla Grønli Hartvigs Laura er uttrykksfull og får fint fram kva ho går gjennom. Men spelet hennar er ikkje fullt så nyansert.
Godt samspel og solide prestasjonar i alle roller gjer dette til godt kammerspel både i Trondheim og Bergen.
JAN H. LANDRO
Jan H. Landro er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Godt samspel og solide prestasjonar gjer dette til godt kammerspel både i Trondheim og Bergen.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.