JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Ein stillferdig tragedie

Den 75 år gamle teksten av Torborg Nedraas kjennest like relevant og skakande i dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ida Klem speler hovudrolla i Av måneskinn gror det ingenting på Den nationale scene. Ein imponerande prestasjon, meiner Jan H. Landro.

Foto: Den Nationale Scene

3659
20240315
3659
20240315

Den Nationale
Scene, Malersalen

Torborg Nedreaas:                                    

Av måneskinn gror det ingenting                                                                           

Dramatisering: Ragnhild Hilt og Torborg Nedraas
Regi og omarbeiding: Miriam Prestøy Lie
Scenografi: Tora Troe

Dessverre er det fare for at historia til Torborg Nedreaas om «blod, slim og materie» aldri vil bli uaktuell. Den øydeleggande kjærleiken ho skildrar med alle sine konsekvensar, finst i dag, og vil finnast i morgon. Den 38 år gamle, namnlause kvinna har fått sin dødsdom, no gir ho ein framand mann valet mellom kroppen hennar eller sjela. Han vel det siste, og publikum får den vonde skildringa av ein lagnad prega av einsemd og fattigdom, kontaktløyse og erotikk.

Romanen var sjokkarta då han kom ut i 1947, tretti år før vi fekk lova om sjølvbestemt abort, for Nedreaas nytta eit direkte språk som ikkje dekte over noko, og som skildra forboden kjærleik og abort – både «legal» og især «illegal» – med ord så brutale at ingen kunne vere uvitande om kva som skjedde.

Noko av dette har regissør Miriam Prestøy Lie dempa. Likevel er det som det søkk i ein når Ida Klem på stillfarande vis ikkje speler – det ville blitt for sterkt for henne, og kanskje for oss – men les skildringa av den tredje aborten, som kvinna utfører på seg sjølv med ein strikkepinne.

«Ein imponerande prestasjon.»

Klem skapar ei truverdig kvinne, der ho dels sit på golvet, dels vandrar uroleg ikring, innimellom opnar ho den vesle, raude kofferten sin og hiv innpå nokre tablettar, så tek ho nokre slurkar av vinen verten byr henne.

Vi både ser og høyrer at dette er eit øydelagt menneske. Øydelagt især av ein kjærleik som ikkje blir gjengjeldt med kjærleik, men med reint begjær. For læraren ho vonlaust har forelska seg i, vil gjerne tømme seg i henne når begjæret melder seg, men han skal sjølvsagt gifte seg med ei i hans eigen sosiale stand. Slik er dette også den klassiske historia om den uoverstigelege avstanden mellom rik og fattig, høg og låg. Men det er like mykje ei forteljing om mannen som vik frå ansvaret sitt.

Miriam Prestøy Lie, som frå årsskiftet er husregissør på Den Nationale Scene, har gitt sceneversjonen ei god dramaturgisk løysing som yter boka full rettferd. I eit hjørne av scenerommet sit Jonas Nielsen, med ryggen mot salen, framfor eit husorgel. Han er både den framande lyttaren og dei to viktigaste mennene i denne forteljinga. Og sidan den eine, det positive innslaget i det sørgjelege tilværet hennar, er organist, høver det godt at monologen hennar blir akkompagnert av dempa orgeltonar. For det meste speler og lyttar han, men som forteljar les han stundom frå manus eller skyt inn ein og annan replikk.

Då Den Nationale Scene nyss flytta nokre av dei tekniske funksjonane ut av det 115 år gamle jugendbygget, blei Malersalen gjord om til prøvesal. Men med høge skråtak, gode lyskjelder og bratte trapper er rommet også svært veleigna for framsyningar som denne. Med publikum plassert langs alle dei fire veggane, får Ida Klem det spelerommet ho treng til å levere si nyanserte rolletolking – svingande frå desperasjon til resignasjon. I rørsle, mimikk og stemmebruk aldri ute etter overspel, heile tida fullt kontrollert. Ein imponerande prestasjon.

At forlag i Storbritannia og Tyskland no kjempar om retten til å gi ut Nedreaas-romanen, er ikkje overraskande. Det som overraskar, er at dette ikkje har skjedd for mange tiår sidan.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis