Teater
Eg og du, Kenneth
Vennskapeleg og personleg, men ikkje ukritisk om ein musikalsk tusenkunstnar som langt på veg skusla bort talentet sitt.
Med denne konsertframsyninga ønskjer Sigurd Sele å teikne eit portrett av sambygdingen frå Bømlo.
Kenneth Sivertsen (1961–2006) var den uvanleg rikt utrusta komponisten, musikaren og humoristen som ikkje makta å forvalte sitt pund. Sigurd Sele er den femten år yngre musikalartisten som beundra Kenneth grenselaust, og som med denne konsertframsyninga ønskjer å teikne eit portrett av sambygdingen frå Bømlo og vanlagnaden hans.
«Livbelte har eg egentlig aldri likt», heiter det i ein av dei tidlege songane til Kenneth Sivertsen, slik levde han òg.
Framsyninga er som ein såkalla dramatisk monolog, kjenneteikna ved at den talande vender seg til ein person – i dette tilfellet Kenneth – som ikkje kan svare, men som her kjem til orde gjennom songane og musikken sin.
Temaet er unge Sigurds møte med Kenneth og musikken hans, men rett nok avgrensar formatet seg til songane og rockelåtane, ein salme og litt jazz. Det han skapte innan klassisk musikk, blir det ikkje rom for.
Framføringa er krono-
logisk. Forteljinga mellom musikkinnslaga følgjer dei stadig nye albuma frå Sivertsens hand og unggutens reaksjon på dei. Det var ikkje alt han forstod, ikkje alt han likte. Slik var det òg med den retninga hovudpersonens liv tok, då han rota seg bort i humorfjas med parodiar og stadig meir drikking.
Det er varme og lengt i historia Sigurd ber fram, men også vonbrot og forvirring. Stundom blir det for mykje Sigurd og for lite Kenneth, og slutten kjem farleg nær det tåredrypande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.