Humor og slikt
Humor som forsvar
Når ein står myrfast i ei krise, er det berre to ting som hjelper: tid og humor.
– Vi har registrert ei viss merksemd rundt ein film i haust, sa kong Harald i talen under stortingsmiddagen på Slottet. Alt der hadde han publikum i si hole hand.
Foto: Terje Bendiksby /NTB
Fredag for snart to veker sidan var det nok ein gong den tradisjonsrike stortingsmiddagen,
der kongen inviterer landets folkevalde opp til seg på Slottet. Store festsal
var pynta, og dei 206 gjestene fekk servert elg
frå Sikkilsdalen til hovudrett og villplomme og surdeigsis til dessert. Og alle venta på kongens tale. Det har etter kvart knytt seg forventingar
til kva han kan kome til å seie, for på sine eldre dagar har han vist seg som
ein lun humorist.
I år var spaninga ekstra stor, for denne hausten har det ikkje
vore enkelt å vere kong Harald. Dottera hans, prinsesse Märtha, og svigersonen Durek Verrett
har bidrege til illvilje mot monarkiet gjennom dokumentarfilmen Rebel Royals på strøymetenesta Netflix. Ville kongen kommentere den omstridde filmen? Og
korleis ville han i så fall gjere det?
Før forretten, potetlompe med røykt aure,
ringde det i messingklokka, kongen reiste seg, talarstolen vart trilla på plass, og han gjekk rett på.
«Stortingspresident. Vyrde representantar. Vi har registrert ei viss merksemd
rundt ein film i haust», innleidde kong Harald.
Summande forventing.
«Og vi har vurdert ein oppfølgjar...»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.