Synder frå fortida
Kultregissøren David Cronenberg er tilbake.
Lèa Seydoux, Viggo Mortensen og Kristen Stewart spelar hovudrollene i filmen.
Foto: Another World Entertainment
Science fiction / skrekkfilm
Regi: David Cronenberg
Crimes of the Future
Med: Viggo Mortensen, Lèa Seydoux, Kristen Stewart
Kinofilm
Ein gong i framtida er Saul (Mortensen) og Caprice (Seydoux) performancekunstnarar, noko av det gjævaste ein kan vere. Saul er superstjerne. Kroppen hans skapar nye ukjende organ som Caprice opererer ut framom eit entusiastisk publikum. Dei tøyer grenser. Den hemmelege institusjonen Den nye sedskapseininga er meir nyfiken enn kontrollerande. Men vågar ein krysse grensa til å obdusere ein gut som levde av å ete plast?
David Cronenberg har lenge hatt ein sterk status som kultregissør, spesielt knytt til filmar som kroppsskrekklassikaren Videodrome (1983), og provokatør, med filmar som Crash (1996), der bilkrasjfetisj skapte skandale. Etter streitare filmar sidan tusenårskiftet er villstyringen tilbake.
Videorama
I likskap med Videodrome handlar Crimes of the Future dels om å skape underhalding av mørke lyster. Figurane blandar kunst med skrekkeleg bruk av kroppar. Skilja mellom vald og nyting er uklare. Jakta på det skandaløse er sentralt i og for desse filmane. Kirurgi er den nye sexen, seier byråkraten Timlin (Stewart) medan augo lyser av lyst. Det vantar ikkje på skjering i kroppar og store opne hol med diverse organ som tyt ut, eventuelt ei tunge nokon stikk inn i eit sår.
Det florerer med nye omgrep. Korleis går det med EatWare-parameteret? «Mykvarene» i senga er på sjølvstyr med organproduksjonen. Alle er ovundra av obduksjonsmodulen. Filmen er innfallsrik. Konkurransen om indre venleik har ei spesiell tyding her. Kanskje kan ein vinne prisen for «Beste originale organ».
Saul seier han ikkje vil ha eskapistisk propaganda. Mykje ber eit tjukt lag av metaaspekt. Utsegn etter utsegn får meg til å humre. Låtten sit laust. Eg undrar meg over at ingen kategoriserer filmen som komedie, berre skrekk og science fiction.
Keitete vittig
Viggo Mortensen er keitete vittig. Med hetta og kappa parodierer han nærast Døden à la Bergman, eller ein aldrande Aragorn frå Ringenes herre. Léa Seydoux er alltid trygg og god. Visuelt er mykje i slekt med Videodrome. Fjernsynsapparata, knudrete plastutvekstar og dystre, handlekraftige og attraktive kvinner. Det er meir nostalgisk enn imponerande.
Med Crimes of the Future skodar Cronenberg bakover til åttitalet nett før han fyller åtti år. Vil ein sjå friskare og meir spenstige provokasjonar med kroppsskrekk, bør ein heller sjå til gullpalmevinnaren frå i fjor, Titane av Julia Ducournau. Debuten hennar, Raw (2016), er òg grufullt herleg. For stilig sci-fi-dystopi med ekkelt elegant kroppsbruk er Evolution (2015) av Lucile Hadžihalilovic eit meir solid val.
Men kanskje du berre saknar VHS-hylla i videosjappa og vil sjå noko outrert med ein dæsj B-film? Vil du sjå ein god, gamal Cronenberg-film, er Crimes of the Future midt i blinken. Eg koste meg.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I likskap med Videodrome handlar Crimes of the Future dels om å skape underhalding av mørke lyster.
Fleire artiklar
Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.
Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB
Alt dette var ikkje nødvendig
Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.
Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?
Foto: Terje Pedersen / NTB
Ferdigmiddag
Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon.
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Foto: Jeff Dean / AP / NTB
Val på kanten av stupet?
– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Traktorar og forrædarar
I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.
Foto: Carole Bethuel