Suveren sekstett
The Nash Ensemble lyftar Ferdinand Ries ut or Beethovens skugge.
Komponisten og pianisten Ferdinand Ries (1784–1838). Stålstikk frå kring 1830.
CD
Ferdinand Ries:
Piano Trio & Sextets
The Nash
Ensemble. Hyperion 2022
Det var lett å hamna i skuggen til Beethoven – særleg for dei som stod nær han. Dette blei lagnaden til Ferdinand Ries, den tyske komponisten og klavervirtuosen som lenge berre blei hugsa som Beethovens elev, ven, sekretær og agent. Eit døme: Då London Philharmonic Society tinga Beethovens 9. symfoni, den me kallar «korsymfonien», var det Ries som formidla oppdraget.
Men Ries makta òg å stå på eigne bein som komponist. Symfoniane og klaverkonsertane hans blei spelte inn på plate for nokre tiår sidan, og dei siste åra er det kammermusikken hans som har blitt gjenoppdaga. Dei fire kammerverka som engelske The Nash Ensemble no gjev ut på CD, er ei gullgruve for klassiskinteresserte som ynskjer å utvida lyttehorisonten sin.
Begge frå Bonn
Ries blei, til liks med Beethoven, fødd i Bonn. Då Napoleon hærtok byen ved Rhinen, drog han til Wien. Håpet var å få bli Beethovens elev. Denne var kjend for å vera svært kresen når det galt elevar, men nett Ries tok han under vengene sine – kan hende av di far hans i si tid hadde vore Beethovens lærar i Bonn.
Dette var medan Napoleonskrigane herja Europa. Ries måtte fleire gonger flykta for ikkje å bli tvangsrekruttert til fronten. I 1813 hamna han i London. Dei elleve åra der blei ein suksess, for publikum tok entusiastisk imot den gåverike Beethoven-eleven. Komposisjonsoppdraga strøymde på, han gifte seg til pengar og blei æra med direktørstilling i Philharmonic Society.
Eldfull «Allegro»
Det er frå den lukkelege London-perioden komposisjonane på The Nash Ensembles album stammar. Engelskmennene sette utøvaren Ries like høgt som komponisten. Det skjønar me når me høyrer kammermusikken med klaver. (Under framføringane den gongen sat Ries sjølvsagt ved flygelet.) Klaverstemma er nemleg i ein klasse for seg, både speleteknisk og med tanke på kompositorisk kompleksitet.
Som døme kan me ta Grand Sextuor i C-dur, op. 100, ein sekstett for klaver, to fiolinar, bratsj, cello og kontrabass frå 1817. I «Allegro con brio»-satsen er klaverstemma virtuos frå fyrste takt av, medan strykarane fungerer meir som støtte, som i eit orkester. Me får difor tidvis kjensla av at det er ein klaverkonsert me lyttar til. I lange parti synest klaverstemma improvisert, men aldri verkar dei snøgge tonetiradane og akkordbrytingane som staffasje. (Ries var ein utmerkt improvisator, «godkjend» av Beethoven, for den sistnemnde lét han improvisera frie kadensar til klaverkonsertane sine.)
Andresatsen «Andante» er av eit heilt anna slag. Den inderlege og ukunstla irske folketonen «The Last Rose of Summer» tener som utgangspunkt for ei variasjonsrekkje der dei ulike instrumenta får syna seg etter tur. Med finalen «Adagio–Allegro» intensiverer uttrykket seg. Satsen er ein «rondo», ein instrumental runddans som med sin energisk-eksentriske rytmikk syner det beste ved Ries som Beethoven-elev.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.