Bok
Superbra
Harmeet Kaurs debutroman er ein blome å rekne med.
Harmeet Kaur (f. 1994) er frå Oslo. Superbloom er debutboka hennar.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
I Superbloom møter vi Amrita, som har flytta frå Oslo til New York for å studere. Ulikt dei lokkande brosjyrane frå studiestaden bur ho i ei trekkfull leilegheit og går omkring ute i New York-snøen og frys. Ho treffer på den spennande og dragande Deepika og blir etter kvart virvla med i eit søsterfellesskap av kunstnarar og skribentar som er barn av innvandrarar. Dei arrangerer samkome og arrangement for framføring av manifest og oppvising av kunst, og Amrita kjenner seg ved eit tidspunkt som del av ein ny familie: «’Det er et innlært mindreverdighetskompleks som bare fortsetter å gå i arv. Som barn av innvandrere skal vi liksom ikke heve oss over de som legger krav på dette landet som deres føderett’, sa Isha. ’Derfor må vi selv ta plass, og representere hverandre.’»
I romanens andre spor blir vi kjende med Meera, mor til Amrita, som ein gong kom til Noreg frå India for å gifte seg med ein mann ho ikkje kjende, og utan å kunne språket.
Dette er to særs ulike historier, med tanke på kva framtidsutsikter mor og dotter har hatt, og vi forstår tidleg at noko har gått i knas for Meera – noko som òg har skapt eit vanskeleg forhold mellom dei to. Amrita kjem inn i søsterfellesskapet som ein som skriv på eit manus om mora for å prøve å forstå, og den same utforskinga går altså føre seg på metavis i sjølve romanen. «Jeg lurte på om hun følte at hun hadde født en annen nasjons avkom.»
Vanskeleg
Debutanten Kaur skriv oppvakt og innsiktsfullt om å hamne mellom (minst) to kulturar, og om kor skjør linja mellom inkludering og avvising er. Om kva plass draumar får ha i eit liv, rettare sagt å leve dei ut. Dei unge jentene bruker mykje tid på å stå på barrikadane, men aller mest går «kampen» føre seg ved at dei deler bilde av seg sjølve og kvarandre på sosiale medium: «Alle hadde de det blikket, som om de så på deg, men egentlig så på seg selv.»
Amrita er fengsla av Deepika, men i likskap med dei andre jentene viser Deepika seg å vere uberekneleg og illojal. Som lesar blir ein opprørt på Amritas vegner over kor vanskeleg det skal vere å finne ein trygg plass i eit nytt fellesskap – nett slik det var for mora då ho kom til Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.