JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Store kjensler på småbruket

Sophia Saengers roman er eit intenst, fengslande drama om sjeleliv og solbærsyltetøy.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sophia Saenger er fødd og oppvaksen i Oslo. Ho debuterte med ein roman i 2022.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

3105
20230505
3105
20230505

Roman

Sophia Saenger:

Kjære bror, lille søster

Cappelen Damm

Kristoffer og veslesøstera Lucie er vaksne opp i fosterheim. Dei er ikkje biologisk i slekt, men sterkt knytte til kvarandre. Fosterforeldra er religiøse og aktive i Den katolske kyrkja, dette er ei av fleire interesser fosterbarna ikkje deler. Så snart dei kan, flyttar dei vekk frå barndomsheimen og ser seg ikkje tilbake.

Forteljing om tobeinte

I romanens notid er dei på eit småbruk i Värmland, saman med venene Fredrik og Peder, og Amanda, kjærasten til Kristoffer. Der skal dei vere nokre sommarveker. Eigaren Liva er nyleg blitt enke og treng hjelp på garden. Men ho orkar ikkje bu i hovudhuset lenger; det overlèt ho til ungdommane.

Dei lagar mat, badar, fiskar, drikk vin om kveldane, i tillegg til å styre hønsehaldet, bærplukkinga og grønsakhagen. Om ein kikka inn gjennom eit vindauge ein vilkårleg augneblink, kunne det nok sjå lystig og liketil ut. Men for nokre av dei går det føre seg eit intenst drama på innsida, som i sin tur pregar resten.

Noko har skjedd i fortida. Noko har skjedd på ei raud hytte. Noko har skjedd i kjenslelivet til nokon. Nokre trefte kvarandre i Bergen. Andre hang i Oslo. Enkelte ting oppstår nett no. Sår gror, eller lar seg ikkje lukke. Og kva gjer venting med eit menneske?

Etter kvart som historia utspeler seg, og forfattaren dukkar stadig lenger inn i sjelelivet til personane, står det klart for oss kor uhyre komplekse vi kan vere, vi tobeinte med stor hjerne på denne planeten. Ikkje at vi ikkje ante noko om det, men det er godt med litteratur som tar seg tid til å gå inn og sjå på det. Det angår oss. Slik hønsehald og tilverking av solbærsyltetøy gjer. Vi fyller livet vårt med trivielt og eksistensielt, hummar og kanari.

Pageturner

Kjære bror, lille søster er Sophia Saengers andre roman, men her er lite litterære barnesjukdomar eller ungdomssynder å finne. Språket er korthogd og finslipt: «De satt i hagen bak huset. Det var sommer. Skjortene tørket i løpet av en halvtime på snoren. På stranden lå døde krabber. Det smakte salt av fingertuppene.» Det er som om ho spenner opp eit lerret og målar språket på. Andre setningar er oppfinnsame og effektive: «Døren til Fredriks leilighet gikk opp og dro med seg latteren til Peder.»

Oppbygginga av historia, det vil seie korleis fortid og framtid avløyser og glir inn i kvarandre, er utført med stor teft for balansen mellom spenning og avsløring. Personane har kvar si rolle i gjengen, kvar sine personlegdomstrekk, dei handlar ut frå ulike motiv. Det er fengslande å følge både gruppedynamikken og dei individuelle tolkingane deira av kva som skjer.

I tillegg til å vere ei gripande og opprørande bok er ho òg ein pageturner. Einaste innvendinga eg måtte ha, er knytt til dilemmaet som oppstod då eg ville både dvele ved språklerretet på kvar side og bla så fort som mogleg til neste. Men den klaga får eg sende til min eigen hjerne.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis