Teater

Skulen på humoristisk avstand

Skulerevyen byr på godt spel, godt humør, stor innsats, men ujamne tekstar.

Det aller meste er satire og humor, alvoret ser vi mindre til, skriv Jan H. Landro.
Publisert Sist oppdatert

Å lage revy på tilstanden i norsk skule, med blikk attende på tida då «alt var så mykje betre», kan verke enkelt. Men mykje har vore sagt og skrive og spelt før, og då er det ikkje alltid så lett å finne nye vinklar. Slik også her, der eit lag på seks kompetente personar har skrive tekstar til framsyninga.

Revynummera er av vekslande kvalitet, og då blir oppskrifta den tradisjonelle – å ty til litt overspel eller enkle effektar. Men gjennomgåande er spelet både godt og livfullt, for dei fire på scenen går all in, som det heiter i dagens nytale, og gjer mykje ut av materialet dei har fått å spele på (og som eit par av dei, Christine Hope og teatersjef Thomas Bye, sjølve har vore med å utvikle).

Lite alvor

Det aller meste er satire og humor, alvoret ser vi mindre til. Og det nye blikket på tematikken, som vi må kunne vente på ein teaterscene, ser vi ikkje alltid. Det finst så mykje å ta av i norsk skule, men ikkje alt treng vere med. Truleg ville færre, men meir gjennomarbeidde nummer gjort framsyninga betre og meir slåande.

Ikkje overraskande står Christine Hope fram som komikaren i kvartetten på scenen, med fleire fine «typar», men i det desiderte høgdepunktet i framsyninga, markerer også Eirik Risholm Velle seg på ellevilt vis. Teksten «Sjølvforsvarskurs», som han har skrive i lag med Selma Lønning Aarø, tek utgangspunkt i at lærarane no skal få høve til å leggje hand på elevar som er valdelege eller på andre vis øydelegg undervisninga – tenk det, Hedda! I denne galskapsscenen er alt sett på spissen, men det er så gjennomført at der står det godt.

Men også andre nummer har snert, sjølv om poenget ikkje alltid blir henta heilt ut. Rapporteringshelvetet (tekst: Christine Hope) blir tydeleggjort når det går på kostnad av langt viktigare ting, Kristin Clemets «kunnskapsløft» får sitt i «2001: Ein klasserom-odyssé» (tekst: Frode Gjerløw), likeins tydeleggjer «Foreldremøte» (tekst: Olaug Nilssen) og tilhøvet skule/foreldre noko av det skulen – og kanskje også borna – har å stri med i dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement