Teater
Scener frå eit vondt liv
Imponerande spel og ei sterk historie frå røyndomen gjer dette til høgst relevant teater.
Persongalleriet er Ivor (Jonas Benyoub), Marco (Astin Souleymane) og Jonas (Randin Kummeneje).
Foto: Monica Tormassy
Med denne romanen, som Aksel Hennie har makta dramatisere utan å svekkje intensiteten og autentisiteten, leverte 20 år gamle Oliver Lovrenski ein brakdebut i 2023. Boka er ei rå oppvekstskildring om barneranarar frå eit drabantbymiljø i Oslo, delvis skriven på sosiolekt. Det er likevel ikkje kriminalitet, rus og dop, men fellesskap, kjærleik og sorg som ber den kjenslevare boka – og framsyninga.
Regidebuterande Hennie har korta ned persongalleriet til tre gutar – Ivor (Jonas Benyoub), Marco (Astin Souleymane) og Jonas (Randin Kummeneje) – og gjennom dei komprimert historia utan å ofre korkje energien, essensen eller humoren som òg finst i dette dramaet.
Desse gutane manglar ikkje indre ressursar, men det er også alt dei har. Dei kjem frå familiar i oppløysing, ein valdeleg far, eit brutalt miljø, fattigdom, arbeidsløyse. Langsamt blir dei drivne inn i kriminalitet, ran, kjøp og sal av narkotika. Brutaliteten er noko vi berre får høyre om eller sjå på små tv-skjermar, på avstand, medan samhaldet, venskapen – men også sjølvmordet – blir langt meir nærverande.
I sentrum står Ivor, som også er bokas forteljar, ei oppgåve Hennie her klokleg har delt på alle tre. Men sceneversjonen kunne blitt mindre forteljeteater enn Hennie har gjort han til. Likevel: Spelet dei tre leverer – og især rapparen og songaren Jonas Benyoub – gjer det lettare å godta denne løysinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.