Film
Satiresvir og svirebrør
Den hardaste kritikken i Ingen kommentar rammar ikkje Erna Solberg eller Sindre Finnes, men det norske språket.
Anders Baasmo og Laila Goody gjer ein strålande jobb som Sindre og Erna, skriv Brit Aksnes.
Foto: Norsk Film Distribusjon
Då Sondre (Baasmo), mannen til statsminister Alma Solvik (Goody), viser seg å ha kjøpt ein haug med aksjar, godt mogleg med hjelp av innsidetips, må kommunikasjonsavdelinga stilla med krisestab.
Den kontroversielle, upopulære, nestenkriminelle barndomsvenen til statsministeren, Karianne (Tjelta), kjem under tvil inn som spin doctor. Eller, nei då, dei brukar sjølvsagt ikkje spin doctor i partiet De Blå!
Rykande pistol
Personar og hendingar som kan minna om røynda, er utilsikta, står det i starten, med ein lett blinkande u i utilsikta. Det er altså ikkje meininga at me skal lura på om dette handlar om Erna Solberg og mannen Sindre Finnes og aksjekjøpskandalen frå 2023. Utover det er resten av innhaldet morosam, spekulativ boltring som kvalifiserer til den gjæve sjangeren politisk satire av den soleklare sorten.
Og det er forfriskande moro med så laus snipp. Klassikarar som In the loop (2009) og Dr. Strangelove (1964) er kanskje nokre hakk meir snedige, men Ingen kommentar peisar på, og det funkar for det meste. Når stoffet er så kjent, hadde nok ikkje filmskaparane hatt noko å vinna på å underspela, det er berre bra dei gønnar på.
Som i eit mirror
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.