Sårt og vakkert på frænamål
Ingrid Lode kjem med ein poetisk midtlivsrekneskap.
Jazz
Ingrid Lode:
Månge bækka små
Ingrid Lode, vokal; Jovan Pavlovic, trekkspel; Marianne Baudouin Lie, cello; Petter Vågan, gitar; Bjørn Marius Hegge, bass.
Particular Recordings Collective
Det har vore stille rundt Ingrid Lode i fleire år. I byrjinga av tusenårsskiftet var ho aktiv med Kobert. Heile fire utgjevingar blei det i perioden 2006–11. Også plata med Eyewaterlillies blei lagd merke til. I Trondheim Voices har ho halde ved like ein frilanskarriere på sparebluss.
Det er godt å ha Lode attende. Ho kommenterer omstarten på solokarrieren slik: «Et midtlivsregnskap blir vel å ta i, men tekstene forteller om levd liv – slik jeg ser på det der jeg er – i livet akkurat nå.»
Tematikken i tekstane speglar nettopp denne midtlivsrekneskapen. Språket er ikkje spesielt biletrikt, men oftast konkret og kvardagsleg – og på frænamål. Dette passar perfekt til det naivistiske vokaluttrykket til Lode.
Ho har komponert dei seks låtane på Månge bækka små med jazzstandartradisjonen in mente. Dette syner seg kanskje tydelegast i «I e parat». Kanskje hadde «Night And Day» høyrt slik ut om Cole Porter hadde sete på Fræna og skrive songen? Elles går melodilinjene til tider heilt i grensa av det naturlege stemmeleiet hennar. Ingen kan som Lode bruka dette til å formidla noko skjørt og sårt.
Lode har med seg eit supert band, men i denne samanhengen er dei på lojalt vis med på å perfeksjonera det samla uttrykket. Pavlovic må nemnast særskilt. I nevane på den rette er trekkspelet ein uendeleg rik palett.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Ingrid Lode:
Månge bækka små
Ingrid Lode, vokal; Jovan Pavlovic, trekkspel; Marianne Baudouin Lie, cello; Petter Vågan, gitar; Bjørn Marius Hegge, bass.
Particular Recordings Collective
Det har vore stille rundt Ingrid Lode i fleire år. I byrjinga av tusenårsskiftet var ho aktiv med Kobert. Heile fire utgjevingar blei det i perioden 2006–11. Også plata med Eyewaterlillies blei lagd merke til. I Trondheim Voices har ho halde ved like ein frilanskarriere på sparebluss.
Det er godt å ha Lode attende. Ho kommenterer omstarten på solokarrieren slik: «Et midtlivsregnskap blir vel å ta i, men tekstene forteller om levd liv – slik jeg ser på det der jeg er – i livet akkurat nå.»
Tematikken i tekstane speglar nettopp denne midtlivsrekneskapen. Språket er ikkje spesielt biletrikt, men oftast konkret og kvardagsleg – og på frænamål. Dette passar perfekt til det naivistiske vokaluttrykket til Lode.
Ho har komponert dei seks låtane på Månge bækka små med jazzstandartradisjonen in mente. Dette syner seg kanskje tydelegast i «I e parat». Kanskje hadde «Night And Day» høyrt slik ut om Cole Porter hadde sete på Fræna og skrive songen? Elles går melodilinjene til tider heilt i grensa av det naturlege stemmeleiet hennar. Ingen kan som Lode bruka dette til å formidla noko skjørt og sårt.
Lode har med seg eit supert band, men i denne samanhengen er dei på lojalt vis med på å perfeksjonera det samla uttrykket. Pavlovic må nemnast særskilt. I nevane på den rette er trekkspelet ein uendeleg rik palett.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.