Presisjonens venleik
Ein debut som ragar høgt når rekneskapen over poesiåret 2022 skal gjerast opp.
Toto Hølmebakk, som er dr.philos. og spesialist i kirurgi, debuterer skjønnlitterært med denne diktsamlinga.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Dikt
Toto Hølmebakk:
Almakolender
Tiden Norsk Forlag
Tittelen Almakolender på Toto Hølmebakks debut ser ut til å vere ei samanskriving av orda almanakk og kalender. I tredje og siste seksjon i boka, «Kalender», ber dikta titlar henta frå den franske revolusjonskalenderen. Det er som om konfrontasjon mellom den nesten bokhaldarliknande interessa for tal og språkets meir flytande meiningskarakter befruktar kvarandre gjensidig. Hølmebakk skapar eit forunderleg klårt, nesten realistisk, men samstundes mystisk poetisk univers.
Ytre sett spelar tala og formelle system ei formande rolle for desse dikta, dei kjem ofte i nummererte sekvensar, til dømes frå 01 til 12. Alt opningsdiktet syner korleis tal, teljing og dei formelle systema også blir vesentlege innhaldsmoment: «Å kunne telle/ måneder i året/ dager i mai// epler/ i september 30/ 17 stavelser i strofen/ spor i snøen/ slag i 60 fortløpende sekunder/ kom til 59/ kanskje var det 90/ sidensvans i treet/ da de fløy». Trass i talfestingane blir tala liksom farga av kva dei tel. Men sidan formålet med teljinga ikkje er synleg, er det som tala blir lada med usikker meining.
Sjølv om Hølmebakks dikt kan seiast å ha eksperimentelle trekk, mellom anna når ein ser korleis dei skriv seg opp til eller faldar ut formelle mønster, er dette dikttekstar som også grip tak i kjenslene til lesaren. Det er nett fordi dikta teiknar opp avstandar og møte, at slike rom blir skapte.
Så er det kanskje ikkje heilt overraskande at debutanten ein stad brukar ei diktform utvikla av den franske poeten Raymond Quenau. Quenau var ein av grunnleggjarane av den franske litterære rørsla Oulipo, som jobba med litteratur og formelle mønster. Det finst klåre forskrifter i denne diktforma, i tillegg til dei har Hølmebakk nytta dei tolv trinna i Beauforts vindskala som sentralt element i dei tolv diktsekvensane.
I kryssinga mellom den disiplinerande krafta til systemet og den flytande meiningskarakteren til orda skriv desse dikta fram mangslungne bilete som etterlèt lesaren med undring og inntrykk av klårleik. Men også den matematiske harmonien og venleiken, som gjer fenomen føreseielege, som etablerer forventning og gjentaking, kan bli motsagd. Slik som i diktet «Floréal»: «Se/ denne skjønnheten har andre mål/ enn reprise neste år». Her blir det uttrykt at venleik er mangfaldig, og at nett denne venleiken har eit mål om ikkje å gjenta seg – altså ikkje vere slik som venleikssystemet føreskriv. Samstundes verkeleggjer ikkje diktet den venleiken det talar om, det verkar som venleiken ligg utanfor diktet. Diktet er ei oppmoding om å sjå eit aspekt ved venleiken.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.