På grasrota kan ingen høyre deg sjaue
Sleaford Mods’ kvardagskrisemusikk kjem rett frå arbeidarklasselevra.
Rock / Elektronisk
Sleaford Mods:
UK Grime
Rough Trade
Sleaford Mods blei stifta i Nottingham i 2007 og er samansett av vokalisten Jason Williamson og Andrew Fearn, multiinstrumentalist og programmerar. Musikken har element av (post-)punk, electro, industrial og hiphop – duoen er mellom anna inspirert av Wu-Tang Clan.
Arrangementa på UK Grime er tufta på enkle bass-, gitar-, synth- og pianoriff med fredsæl gjer-det-sjølv-kvalitet, gjerne ein smule ustemd i sann punkstil og drive av programmerte, enkle rocketrommerytmar som liknar den typen billige beatar ein finn på billige øvingskeyboard.
Musikken er dyster og energisk, men samstundes underleg tilbakelent, avslappande og fengjande. Dette er Sleaford Mods slik vi kjenner dei, men nokre songar stikk seg ut – utan å bryte heilskapen: «Rhythms Of Class» læt som ei krysning av tidleg electrorap i Afrika Bambaataa og Grandmaster Flash-stil, røff indierock og David Bowies Outside; «So Trendy» målar med syntetiske fløyter og horn eit bilete av marsjerande demonstrantar; «Tory Kong» spelar, som tittelen hintar om, på fantasijungelmusikken i Max Steiners King Kong-musikk (1933).
Hovudattraksjonen til Sleaford Mods er Williamsons slagkraftige, kritiske lyrikk. Vokalstilen er ei medrivande, sår og aggressiv blanding av rap, spoken word (eller snarare skråla toretalar) og småsure melodiar som minner om både Sex Pistols og fotballsupporterar. Den røffe, rytmiske arbeidarklasseslampoesien vert framført med stor overtyding, og medan UK Grime er svært britisk, er det samstundes eit treffande portrett av den grimme, prekære stoda i det internasjonale samfunnet utover grensene til Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprinsippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
Verdien av det vakre
Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.