Or arkivet
Emelie Roos spelar solokonsertar frå svenske notesamlingar.
Den svenske blokkfløytisten Emelie Roos.
Foto: Alf Ljugkvist
CD
Vivaldi, Sammartini, Bernardi, Torelli, Händel, Roman, Gasparini:
Baroque Concertos
with Recorder
Emelie Roos, blokkfløyter; Höör Barock. Proprius 2022
Tidlegmusikarar kallar me dei som spelar verk frå 1600- og 1700-talet på historiske instrument med ditto speleteknikkar. Barokkmusikk er jo ikkje ein uuttømmeleg ressurs, for det blir ikkje komponert meir av han. Tidlegmusikarar kan ikkje gå til komponistar og be om ny musikk. Dei lyt oppsøkja bibliotek, arkiv og samlingar for å oppdaga gamle verk, slike som – når dei atter får klinga – for oss blir som nye.
Dette gjeld fleire av stykka på denne nye plata, som har undertittelen Treasures from Swedish collections. Tre av dei åtte verka har aldri vore spelte inn før. Blokkfløytisten Emelie Roos og ensemblet Höör Barock (frå byen Höör i Skåne) har undersøkt arkiva til Akademiska kapellet i Lund og samlingane til Kungliga Musikaliska Akademien i Stockholm. Repertoaret dei har funne, går truleg attende til Kungliga Hovkapellet og hoffkapellmeisteren Johann Helmich Roman (1694–1765), Sveriges fyrste store komponist, som me her får éin fløytekonsert av. Elles er verka av for det meste av italiensk opphav, noko som ikkje overraskar, all den tid italiensk stil dominerte ved det svenske hoffet på 1700-talet.
Nebbfløyte
Emelie Roos har ein behageleg spelestil, med tydeleg og stabil artikulasjon og klang. Ornamenta ho improviserer, er mest alltid i tråd med grunnstemninga, eller affekten, i den aktuelle satsen, noko som er særleg viktig i rolege satstypar som «Adagio» og «Largo». Her skil ho seg positivt ut frå mange av blokkfløytekollegaene sine, som ofte verkar meir opptekne av å briljera teknisk enn av å nytta ornamentikken for å forsterka affektane.
Roos gjev velskrivne skildringar av bakgrunnen til dei ulike stykka i omslagsheftet. Som døme kan me ta det fyrste verket, ein solokonsert i C-dur frå Lund-samlinga av Antonio Vivaldi (1678–1741). Stykket er kjent frå andre kjelder som obokonsert, men på Lund-manuskriptet står det at konserten er for «flaut ameck». Kva for instrument er dette? Som Roos gjer greie for, er det nok ei feilstaving av «flaut abeck», som igjen er ei fri svensk tolking av flûte à bec – det franske ordet for blokkfløyte, som ordrett tyder «nebbfløyte».
Dette inspirerte Roos til å spela konserten med blokkfløyte, noko som kling friskt og medrivande, særleg i den temperamentsfulle fyrstesatsen.
Barokt alvor
Den alt nemnde konserten i G-dur av J.H. Roman er eigentleg for tverrfløyte, men fungerer òg fint på blokkfløyte i Roos’ fyrsteinnspeling. Roman, som spelte fiolin i orkesteret til G.F. Händel i London, syner seg her frå si galante side, med rikeleg virtuoseri for solisten, særleg i sistesatsen. Tyngre barokt alvor er det i ei anna av fyrsteinnspelingane frå Lund-arkivet, nemleg Francesco Gasparinis (1661–1727) konsert i a-moll. Her er effektfulle harmoniske vendingar i fyrstesatsen, fylgd av ein enkel og nydeleg «Siciliano»-dans.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.