Når lyd og rom vert eitt
Tre av haustens plater har fokus på klangflater i særprega innspelingsrom.
Samtidsmusikk
Mattie Barbier:
Threads
Ingar Zach:
Musica Liquida
Jan Martin Smørdal og Øystein Wyller Odden:
Kraftbalanse
Sofa
Det norske plateselskapet Sofa har dei siste åra gjeve ut mykje interessant samtidsmusikk der impulsar frå kunstmusikken og den improviserte musikken møtest. Ofte er det musikarar med bakgrunn frå moderne jazz som spelar, men det er sjeldan høyrleg. Dei tre seinaste utgjevingane er gode døme på dette, og dei har mykje til felles, sjølv om det er tale om tre heilt separate verk.
Mattie Barbier er basert i Los Angeles og har laga eit verk der han sjølv spelar trombone og eufonium. Instrumenta er attkjennelege, men det heile er spelt inn i Tank Center for Sonic Art. Kombinasjonen av spektakulær akustikk og alternative speleteknikkar gjer dette til ein særprega heilskap som ligg milevidt frå musikkorpsa sin bruk av desse instrumenta.
Kombinasjonen av instrumentutforsking og særprega innspelingsrom møter me òg hjå slagverkaren Ingar Zach. Som så mange andre har han spelt inn plata i Emanuel Vigelands mausoleum i Oslo, der den 20 sekundar lange etterklangen gjer at rommet i seg sjølv vert eit instrument. Dermed kan ein få stor musikalsk effekt av små verkemiddel og varsam instrumenthandsaming.
Dvelinga ved klang og resonans er òg rikeleg til stades i Jan Martin Smørdals og Øystein Wyller Oddens verk for strykeoktett og sjølvresonnerande flygel. Og også dette innspelingsrommet – Oslo rådhus – vert ein viktig del av den totale lydopplevinga.
Desse tre utgjevingane er alle musikk som nærmar seg lydkunst. Klangen frå instrument og rom går opp i ei høgare eining, og lyden vert like mykje ein tilstand som tydeleg artikulerte teikn.
Den visuelle utforminga av desse CD-platene gjer òg sitt til at dette framstår som eit samla prosjekt. Omslaga er designa av den amerikanske gitaristen Stephen O’Malley, som mange vil kjenna frå bandet Sunn O))) og som formgjevar av fleire klassiske norske svartmetallomslag.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Eva Aagaard er utdanna journalist og debuterte som forfattar i 2019.
Foto: Nicolas Tobias Folsgaard
Usynlege sår
Sverre Anker Ousdal, Laila Goody, Elias Holmen Sørensen, Hanna-Maria Grønneberg, Andreas Stoltenberg Granerud, Trond Espen Seim og Anne Marit Jacobsen i stykket basert på filmen til Ingmar Bergman.
Foto: Erika Hebbert
Stivbeint dramatisering, men varmt spel