Ujamn kvartettkunst
Beethoven- og Schönberg-tolkingane til Tetzlaff Quartett overtydde berre delvis.
Tyske Tetzlaff Quartett spelte i konsertserien til Bergen Kammermusikkforening.
Foto: Giorgia Bertazzi
Kammerkonsert
Ludwig van Beethoven, Arnold Schönberg:
Strykekvartettar
Tetzlaff Quartett
Opus 16 i Bergen, onsdag 28. september
Tyske Tetzlaff Quartett, som blei grunnlagd i 1994, er mellom vår tids mest vidgjetne strykekvartettar. Førre veke vitja dei Bergen Kammermusikkforening med to store verk som begge skal spelast utan pause som éin sats: Ludwig van Beethovens (1770–1827) Strykekvartett nr. 14 i ciss-moll, op. 131 og Arnold Schönbergs (1874–1951) Strykekvartett nr. 1 i d-moll, op. 7. Diverre heldt ikkje konserten alltid det høge nivået eg ventar meg av eit slikt toppensemble.
I siste liten blei framføringsrekkefylgja kasta om på, slik at Schönberg fekk byrja, noko som var ein god idé, all den tid han krev mest av lyttaren. Verket frå 1908 soknar til Schönbergs «eksperimentelle periode», før han gjekk over til atonal stil. Sjølv om komponisten her tøyer den hevdvunne tonaliteten i vestleg kunstmusikk til det ytste, er uttrykket genuint romantisk. Dette ville Tetzlaff Quartett openbert poengtera, men dei overdreiv, slik at emosjonane blei overtydelege. Viljen til uttrykk gjekk også fleire gonger på kostnad av den tekniske presisjonen.
Beethovens kvartett frå 1827 opnar ukonvensjonelt med ein roleg fuge som har framføringsmerknaden «molto espressivo». I fraseringa av det songleg-klagande temaet synte Tetzlaff Quartett seg frå si beste side – det var éin av augneblinkane der eg kjende at dette ikkje kunne gjerast på ein betre måte. Også den andre delen, ein livfull «Allegro», var god, med sofistikert bruk av rubato (små tempoforskyvingar i fraseringa), som fekk det til å vrikka herleg. Men heller ikkje i Beethovens kvartett sat alt godt nok teknisk. Generelt var det i dei dynamisk svakaste partia (der strykarane spelar flageolettar) overraskande mykje skurring og merkbare intonasjonsproblem.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
Trondheimstrioen har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.