JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Stillferdig minimalisme

Denne plata kan ikkje seiast å vera «spanande» eller «nyskapande», men det gjer ikkje noko.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Slagr spelar Amund Sjølie Sveen, Anne Hytta og Katrine Schiøtt.

Pressefoto

1886
20220325
1886
20220325

Samtidsmusikk

Slagr:

Linde

Amund Sjølie Sveen, vibrafon og glas; Anne Hytta, hardingfele; Katrine Schiøtt, cello.
Hubro

Folkemusikken har vore ein inspirasjon i alle dei nær 20 åra trioen Slagr har vore verksam. Og det er først og fremst hardingfelespelaren Anne Hytta som gjer at musikken tidvis kan minna om folkemusikk av det lyriske slaget. Ofte minner dette (sjølv om musikken er nylaga) om lydarslåttar.

Men på denne nye plata er all musikken komponert av cellist Katrine Schiøtt, og hardingfela kling ofte i eit djupare register. Dermed kling dette meir som ein ubestemmeleg kammermusikk, der det berre er eit og anna ornament i fela som gjer at ein av og til tenker på folkemusikk.

Dette er svært stillferdig og minimalistisk musikk der musikarane gjev god plass til kvarandre. Dei åtte delane på plata er alle bygde opp av enkle motiv som utviklar og endrar seg svært sakte. Slik sett har dette ein god del til felles med meditasjonsmusikk, «ambient music» og liknande, men når Slagr spelar, er det ingen tvil om at det er tale om akustiske instrument spela av levande menneske.

Då Slagr vart etablert, var det eit ensemble som skilde seg ut frå det meste i musikklivet. Dei har halde trufast fram på den vegen der dei starta, og blitt gradvis meir stillfarande. Såleis kan ikkje denne plata seiast å vera «spanande» eller «nyskapande». Men det gjer ingen ting, for her handlar det om finsliping av ei velfungerande form for musisering, og me treng tryggleik og ro meir enn forhasta og lettvinte løysingar.

I 2015 vann Slagr Spellemannsprisen i «open klasse», og det er her dei høyrer heime: Denne musikken er open både i utforming og når det gjeld stilistisk kategorisering.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis