Potent tone
Sonoko Miriam Welde platedebuterer med Oslo-Filharmonien.
Den bergenske fiolinisten Sonoko Miriam Welde.
Foto: Anna-Julia Granberg
CD
Bruch, Williams, Barber:
Fiolinkonsertar
Sonoko Miriam Welde, fiolin; Oslo Filharmoniske Orkester; dir.: Tabita Berglund og Joshua Weilerstein. LAWO 2021
Den unge fiolinisten Sonoko Miriam Welde plukkar perler frå fiolinlitteraturen. Albumet hennar opnar med tyske Max Bruchs Fiolinkonsert nr. 1 i g-moll, op. 26, som etter urframføringa i 1868 har stått på repertoaret til alle store fiolinvirtuosar.
Konserten tek til med ein pukekvervel, ein effekt også andre romantiske komponistar nytta seg av, mellom dei Grieg. Men hjå Bruch leier ikkje kvervelen over i nokon orkestral kanonsalutt som i Griegs «a-mollkonsert». Han gjev impuls til treblåsarakkordane som presenterer hovudtemaet i satsen, eit parti Oslo-Filharmonien spelar med varm og polert klang. Solisten entrar så scena med ein roleg, mest improvisert solokadens. Welde får her godt fram det rapsodiske ved satsen, der ho vekslar fint mellom rolla som mot- og medspelar til orkesteret.
Elegisk romanse
Fyrstesatsen er eit fantaserande forspel til den meir kjende andresatsen «Adagio», ein elegisk romanse der Bruch med solofiolinen får utløp for det velkjende melodiske instinktet sitt. Satsen læt jo nesten for vakkert. Likevel reddar det klåre, mendelssohnsk nøkterne orkesterakkompagnementet han frå å bikka over i søtlåten sentimentalitet.
Det er likevel ein lette når stykket når finalen med det talande satsnamnet «Allegro energico», der Bruch låner stiltrekk frå den på hans tid så omtykte ungarske folkemusikken (Brahms’ populære «Ungarske dansar» blei til om lag samstundes). Både her og i andresatsen likar eg den potente tonen til Welde i det lågaste fiolinregisteret, der den konsistente klangen mogleggjer solide fråspark til dei virtuose eskapadane i toppregisteret.
Idyll
Dei to andre komponistane på albumet har det sams med Bruch at dei ikkje lét seg affisera av omveltingane i dåtidas kunstmusikk, med hard ekspresjonisme og atonalitet. Slik sett hadde albumet tent på å ha minst eitt stykke av meir ru og stridbar natur som kontrast.
Engelskmannen Ralph Vaughan Williams’ (1872–1958) The Lark Ascending («Den oppstigande lerka») frå 1914 er ein gjennomført idyll. Med melodiar over skalaar frå engelsk folkemusikk og lint, impresjonistisk farga orkesterakkompagnement målar han klangbilete av det venleg kuperte engelske kulturlandskapet.
Med sin Fiolinkonsert, op. 14, heldt amerikanske Samuel Barber (1910–1981) seg òg på trygg lyrisk og tonal grunn. Verket, som blei urframført i 1941, verkar upåverka av barbariet i samtida – sjølv om der er nokre nostalgiske episodar av den bittersøte sorten me kjenner frå hans populære Adagio for Strings.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast
musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.